Leder

8.MARS: Markering av kvinnedagen på Youngstorget i Oslo. Men er moderne feminisme for sær og sint?

Jakta på ein farbar feminisme

Mitt problem med sekulær feminisme er at han stor grad framstår som sær og sint skrivebordsteori.

Publisert Sist oppdatert

Vi er midtvegs i mars, kvinnedagen er forbi, men om lag halve befolkninga vaknar som kjent opp til kvinnedag kvar dag. Utan å idyllisera er eg ei av dei mange som er takknemlege for nettopp det.

Spørsmålet «hvor er de kristne kvinnene?» vart nyleg stilt på kommentarplass her i avisa. For nokre veker sidan hadde eg sjølv ein kommentar med tittelen «Forgifta feminisme».

Kvinnesak er alltid aktuelt. Den kritiske tittelen min, håpar eg også hintar om at det også finst ein brukande feminisme, ein som er meir helsebringande enn dei forgifta variantane. Jakta på slike alternativ burde alltid pågå.

Som kvinne fødd i dei privilegerte kår Norge tilbyr, bør eg som kritikar av feminismen som ideologi vera villig til å stilla spørsmålet om eg er gratispassasjer på andres feminisme?

Hadde eg hatt den plassen og dei moglegheitene til å formidla mine perspektiv inn samtida, om ikkje nokon hadde brøyta veg for meg?

Likevel tykkjer eg kristne er for defensive når det gjeld å framheva bidraga frå Bibelforteljingane og kristen tru og tradisjon for å løfta kvinner. Rodney Stark, sosiologen som på nittitalet analyserte den eksplosive veksten i den tidlege kristne kyrkja, får godt fram dette poenget i boka The Rise of Christianity.

Han påpeiker nettopp at kyrkja spelte ei svært avgjerande rolle for å løfta kvinnene. Først og fremst gjennom ideen om likeverd mellom kvinner og menn.

Også innføringa av mange praksisar som verka sterkt ivaretakande for kvinner, spelte inn. Slik som at kristne kvinner vart gifta bort seinare, og at det å vera seksuelt trufast vart ei forventing også til menn, og ikkje berre for kvinnene. Slik hadde det vore før.

Dersom nokon vil framstilla meg som gratispassasjer på moderne feminisme, ville eg i alle fall ta med påminninga om at vi europearar nyt godt av langtidseffektane av læra den vesle sekta av Jesus-etterfølgjarar greidde å spreia til omgjevnadane.

Som Stark skriv: Kvinner strøymde inn i den kristne kyrkja. At ho avviste barnedrap og varetok kvinner ved inngåing av ekteskap, er berre to døme på ting som gjorde henne særskilt attraktiv for kvinner. Ho sa ja til livet, i motsetnad til det romeske imperiets dødskultur.

Slikt var på ein særskilt måte viktig for den delen av befolkninga som, igjen, utan å idyllisera, hadde den ærefulle og unike oppdraget med å setja barn til verda.

Her er dessutan ein dramatisk kontrast til vår eiga tids kvinnerørsle. Ho har gjort kvinners rett til uavgrensa makt over alle dei ufødde til ei definerande kampsak. Eit slikt faktum er skremmande, og for meg ein god grunn til å møta ei slik rørsle med djup skepsis.

Den som på eine sida meiner å vera oppteken av å avskaffa makt-asymmetriar i samfunnet, men som har så lite å innvenda mot makt-asymmetri i disfavør av ørsmå barn, verkar for meg lite truverdig.

Spørsmålet om «kor kvinnene er», anten det dreier seg om kristne samanhengar eller andre, er også interessant. Er det slik at kristne samanhengar vidarefører ein tendens til å usynleggjera kvinner? Det er eit spørsmål som fortener merksemd, og vi er på ingen måte ferdige med å undersøkja dette.

Den underliggjande premissen, som likevel ofte står heilt uimotsagt, er om kristne utan vidare skal kjøpa ideen om at mest mogleg synlegheit er det som best reflekterer kvinners (eller menns) opplevde verdi?

Skal vi i det heile respektera eit ønskje om ikkje å vera så synleg? Vi lever i ei tid som på usunt vis favoriserer synlegheit og overflater. Ofte på måtar som er ein motsats til eit kristent menneskesyn.

Vi kan heller gjera som Jesus. Få kvinner i tale.

Mange kloke kvinner som opponerer mot dette, finst i kristne samanhengar. Folk som «ofrar karrieren». Folk som ikkje orkar å stå og grina i barnehagegarderoben, men som vel å vera heime eit ekstra år eller to. Kvinner som vel sin eigen veg, kort og godt. Har vi tillit til at desse veit sitt eige beste?

Dersom kristen tenking er reelt motkulturell, bør vi ha andre ambisjonar enn berre overflatiske mål knytt til kvinners representantasjon. Vi kan heller gjera som Jesus. Få kvinner i tale. Då vil ein få fram heilt andre historier, og ein vil kanskje også få nyansert eit omgrep som «synlegheit».

Eg har ei bok liggjande på pulten min. Tittelen er «Sjelen søker sitt eget selskap», og forfattaren er Emily Dickinson, ein ruvande skikkelse i Amerikansk litteratur, og i verdslitteraturen generelt. Ho er knapt er kjent her til lands.

Dickinson er ein underleg figur i litteratursoga. Ho levde eit avskjerma liv i heimen i Amherst i delstaten Massachusetts. Livet hennar kan karakteriserast som det motsette av The Kardashians. Eller til ei popstjerne som Taylor Swift. Ho levde og verka i ein stille liten radius. Hennar makelause produksjon av unik poesi, vart i all hovudsak først kjent etter at ho var død.

Var ho undertrykt? Burde ho «eigentleg» vore meir profilert i samtida si? Eg veit sanneleg ikkje. Hadde ho levd eit anna liv ville også diktinga til dette særmerkte geniet vore ei anna.

Ei avgøymd prestedotter i ein amerikansk avkrok. Ein mektig publikumsmagnet på alle metropolars scenar. Kven er friast? Det bør i det minste vera eit ope spørsmål.

Powered by Labrador CMS