For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

JENNY KLINGE: Stortingsrepresentant, Senterpartiet.

Jenny Klinge: Nei til «krenkekorrektur»

Sensurerande «krenkekorrektur» i litteratur og kunst kan bli interessant dersom vi tek for oss folkeeventyra. Men sjølvsagt må vi aldri godta dette.

Publisert Sist oppdatert

Mange reagerte heldigvis ganske så kraftig då det nyleg vart kjent at bøkene til forfattaren Roald Dahl i Storbritannia skal gjerast mindre «krenkjande». Til dømes skal «små menn» hos Umpa-Lumpaane bli til «små personar». «Feit» skal bli til «enorm». «Stygg» skal bli til «ekkel». (Som om noko av dette skulle betre situasjonen for nokon.)

Dahl er kjent for eit blomstrande språk og spektakulære figurar. Slik språkleg kastrering som blir gjort mot bøkene hans no er ikkje greitt verken mot hans eller andres verk. Heller ikkje titlar på kunstverk bør endrast i den moderne tids stadige forsøk på å unngå å trakke nokon på stadig meir ømfintlege tær. Dessverre har vi allereie sett døme på slikt.

Problemet er at det finst ingen grenser for kva vi kan sensurere og korrigere på viss vi først tek inn på denne stien. Kven skal ha siste ordet om kva som er for ille? Er det berre dei mest lettkrenka? Eller skal vi som toler betydeleg meir ha ei stemme i dette?

Powered by Labrador CMS