Debatt

MED ELLER UTEN: Kong Harald mottar nattverd fra Ole Kristian Bonden som ble vigslet til biskop i Hamar domkirke 29. januar.

Jesu instruks om nattverden sa ingenting om alkohol

Publisert Sist oppdatert

I april hadde Dagen to artiklar om nattverd og alkohol. Den fyrste (05.04) omhandla domprost Gudmund Waaler som har skrive doktoravhandling om nattverden. I artikkelen sumerar han opp sitt syn på alkoholhaldig nattverdsvin slik: «I den grad eg får bestemme i ei forsamling, så vil nattverdsvinen innehalde alkohol.»

Grunngjevinga hans er: «Det er heilt enkelt fordi det var alkohol i vinen då Jesus innstifta måltidet på skjærtorsdag. Og så er det jo eit festmåltid, og ein heldt ikkje festmåltid med eit tørt oblat og alkoholfri vin.»

Så kjem ein ny artikkel (18.04) der den kristne alkoholikaren Lene Premak Løkjel fortel om sin sterke reaksjon på domprost Waaler sine utsegn.

Etter å ha lese artiklane, har eg gjort meg nokre refleksjonar rundt Waaler si grunngjeving: Det var alkohol i vinen Jesus brukte og difor må også vi ha alkohol i vinen.

Om det er slik at det som skjedde den fyrste skjærtorsdagen skal vera normgjevande, lurar eg på:

• Kvifor er det ok at ingen av ingrediensane i vår nattverd har vore del av noko måltid? (Matt 26,26: Medan dei no heldt måltid, tok Jesus eit brød …)

• Kvifor er det ok at vi i dei fleste høve feirar nattverd om føremiddagen? (Mark 14,17: Då det var kveld …)

• Kvifor er det ok at vi går i ei lang rekkje, evt. kneler ved alterringen, når vi tek imot nattverden? (Mark 14,18: Medan dei sat til bords...)

• Kvifor er det ok at vi tilpassar brødet/oblatane av omsyn til glutenallergikarar?

Eg er heller ikkje sikker på at alkohol i nattverdsvinen vil heva festfaktoren i nemneverdig grad.

Slik eg ser det, lek som eg er, har aldri vin, med eller utan alkohol, vore eit «aktivt verkestoff» i nattverden; heller ikkje brødet. Det einaste «aktive verkestoffet» er trua til den som deler ut, og den som tek imot.

Jesus gav ein instruks då han innstifta nattverden. Den sa ingen ting om alkohol, men at vi skulle dela nattverden til minne om han. Vi minnest han som tok eit brød, sa «dette er min lekam» og braut det sund, bit for bit, og gav det til læresveinane. Og han tok kalken etter måltidet og gav dei å drikka, og sa «dette er mitt blod…». Og sidan den kvelden har brødet Jesus braut og kalken dei tømde, vore oppete og -drukke.

Til kvar nattverd etter det har det vore nytta symbol for og avspeglingar av, den første. Verdien av dei millionvis av seinare nattverdar ligg ikkje, slik eg ser det, primært i kva «brød» og «vin» som har vore nytta, men i kva grad nattverdsgjesten har minnast Jesus og hans offer for oss; kva vår frelse har kosta, og kven som betalte prisen.

Eg er heller ikkje sikker på at alkohol i nattverdsvinen vil heva festfaktoren i nemneverdig grad, og oblaten vert vel ikkje blautare av det …

Så til artikkelen 18.04. der Premak Løkjel fortel om sin reaksjon på artikkelen 05.04.

Her seier domprost Waaler at «Dersom det er en 'trigger' for noen, tenker jeg de må ta ansvar for det selv. Men det er klart at i en forsamling der mange sliter med alkohol, bør man ta hensyn», og «Det er svært mange andre fristelser for oss kristne. Det er veldig mange som sliter med spillavhengighet, men vi slutter ikke med åresalg av den grunn.»

For å ta det siste sitatet først: Til det er å seia at det vil vera lettare for ein speleavhengig å ikkje gå på kyrkjebasaren, enn for ein kristen alkoholikar å unnlata å gå til nattverd.

Så det fyrste, som eg tykkjer det er svært trist å lesa. « … de må ta ansvar for det selv.» Eg saknar så sårt hjå Waaler den haldninga vi finn hjå Paulus i 1 Kor 8,13:

«Difor, om mat valdar at bror min fell, då vil eg i all æve ikkje eta kjøt, så eg ikkje skal valda at bror min fell.»

I staden for å overlata den fallande til seg sjølv, seier Paulus seg villig til å endra handlingane sine for at «bror hans» ikkje skal falla. Og i Rom 15,1 står det: «Vi som er sterke, skuldar å bera veikskapen hjå dei som er veike, og ikkje vera oss sjølve til hugnad». Slik er den kristne omsorgstanken.

I desse to artiklane er det vanskeleg å finna spor av dette sinnelaget hos domprost Waaler. Og det er trist. Svært trist.

Powered by Labrador CMS