Jesu liding og forsoningslæra
Faren som spring imot den totalhavarerte sonen med opne armar. Her er det berre faren sin kjærleik, Guds kjærleik som gjeld, inga forsoning, ikkje eingong nåde. Og slik vil eg halde fram og forstå det heilage påskeevangeliet!
I Korsets Seier 23. april har David Eikeri Andersen ein grei gjennomgang av dei tre for mange velkjende variantane av den såkalla forsoningslæra, som blir kalla den objektive, den subjektive og den klassiske. («Jesus døde for en grunn», s. 24-25).
Mindre grei er den vurderinga han gir av kvar av desse variantane. Det er tydeleg at det er den objektive som for forfattaren er den viktigaste, den som samsvarer med den forsoningslæra dei fleste kristne kjenner til og trur på, og eg siterer Eikeri Andersen si formulering:
Mennesket har berøvet Guds ære, mennesket er ikke i stan d til å gjøre opp for seg, og straffen vil bety menneskets undergang. Bare Gud selv kan gjøre opp. Ingen skal det (ingen har plikt til det) uten mennesket. Ingen kan det uten Gud. Derfor ble Gud menneske.
Derfor tok altså Gud straffa på seg og let seg torturere til døde som soning for menneska sine synder.
Denne læra, opplyser Eikeri Andersen, vart formulert av mellomaldermunken Anselm av Canterbury. (1033-1109). Nettopp, hadde eg nær sagt. Ikkje fordi vi snakkar om mellomalderen, men fordi det mellomalderske menneskesynet kjem så lysande klårt til uttrykk: At menneska har ulik verdi.
Det var rangen i samfunnet som avgjorde menneskeverdet, og lågast av alle stod trælane, som var heilt utan menneskeverd. Derfor var det aller verste som kunne hende ein fri mann, å bli drepen av ein træl, for det drapet var det uråd å hemne, same kor mange trælar ein drap i staden.
Dette menneskesynet er det Anselm tek i bruk for å forklare menneska sitt forhold til Gud: Menneska har med syndene sine krenka Gud, og det er det uråd å straffe menneska fullgodt for, akkurat som det var uråd å ta hemn for ein fri mann som vart drepen av ein træl.
Anselm bruker altså den teologiske logikken sin, som er basert på samfunnsforholda i mellomalderen for å forklare kvifor Jesus vart torturert og krossfest. Og i tillegg at Gud, nærast i gammaltestamentleg meining, ofra sin eigen son for å gjenopprette si eiga ære.
Og dette har rettruande teologar til denne dag trufast halde fram med å lære vidare til alle kristne i verda den vide. Men læra og tankegangen som dette gudsbiletet byggjer på, er altså middelaldersk og etter mi oppleving direkte grotesk.
Eikeri Andersen bruker mykje plass på å argumentere for den objektive forsoniongslæra, utan at han så mykje som pirkar bort i den mellomalderske æresideologien, som vi i vår tid for det meste har fjerna oss frå.
Derimot bruker han få ord på den subjektive forsoningslæra, som etter mi oppleving er langt meir til å få forstand av, men han forklarer hovudinnhaldet i læra greitt nok:
Gjennom å sehva Jesus gjorde, endres vår innstilling til Gud fra fiendskap til kjærlighet. --- Forsoningen finner her sted i vårt sinn, det er vår innstilling til Gud som endres ved å se hva Jesus var villig til å gjøre. Gud ble menneske for å åpenbare Guds kjærlighet.
Så seier han rett nok at «dette er et perspektiv som sier mye viktig om betydningen av Jesu død på korset», men så held han fram: «hvis man gjør dette til et hovedpunkt, står man i fare for å miste den objektive realitet og nedgradere Jesu verk til kun en illustrasjonshistorie».
Men det finst ingen objektiv realitet i det som blir kalla den objektive forsoningslæra, bortsett frå det eine avgjerande viktige, at Jesus døydde på krossen, etter mi oppleving for å openberre Guds kjærleik til menneska, slik Eikeri Andersen referer. Korleis han er i stand til å bagatellisere og snakke ned ei slik grunnleggjande Gudserfaring og frelsesforståing, har eg vondt for å forstå.
Den subjektive forsoningslæra vart formulert av ein annan mellomaldermunk, Peter Abelard. (1079-1142).
Den klassiske forsoningslæra er kanskje den mest abstakte, og handlar om at Jesus sigrar over synda og døden gjennom si liding og oppstode. Oppsummert godtek Eikeri Andersen ulike «perspektiv» på påskeforteljinga, men, understrekar han til slutt: «må vi fastholde det grunnleggende, at Jesus døde i vårt sted».
Roald Øye skriv i eit opplysande lesarinnlegg i Dagen 29. april om gudsbiletet i GT og NT, om kor sentral forteljinga om den bortkomne sonen må vere for gudsforståinga for notidige kristne.
Grunnleggjande og sentral er denne forteljinga blitt for meg og, og ho samsvarer fullt og heilt med den subjektive forsoningslæra. Kor mykje større og meir meiningsfull og herleg er ikkje denne læra og denne frelsesopplevinga enn Anselm sin merkelege æres-og forsoningsrekneskap!
Faren som spring imot den totalhavarerte sonen med opne armar. Her er det berre faren sin kjærleik, Guds kjærleik som gjeld, inga forsoning, ikkje eingong nåde. Og slik vil eg halde fram og forstå det heilage påskeevangeliet!