Debatt
Jesus ville sagt: Vi må ta mobilen ut av vårt eige auge
Jesus sa det rett som det var: Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men mobilen i ditt eige auge merkar du ikkje?
Eg er ein stolt gamer-mamma, men det gjekk lang tid før eg forstod at eg måtte være til stades i min sons digitale verd.
Ei heilt ny kartlegging om dei unges psykiske helse vise at sosiale media er ein stor grunn til at mange slite med einsemd, angst og syn på kropp. Dette må vi ta på alvor! Blant anna gjennom ein presisering av aldersgrense for sosiale media og heilt mobilfrie skular.
Kartlegging vise også at dei unge ynskjer å ha trygge vaksne til stades i liva sine. Men kvar er dei vaksne?
Vi er oppslukt i våre skjerm. Vi må ha «tid til det viktigaste» og for oss som er foreldre, er det nettopp ungane våre som er det viktigaste. Vi må hjelpe dei unge til å utvikle gode vaner og bli trygge på seg sjølv.
Men da må vi først ta mobilen ut av vårt eige auge! Då ser vi klårt og kan ta flisa ut av auget til bror din.
Teksten er eit utdrag av Anne Kristin Bruns sitt innlegg i debatten etter partileiar Olaug Bollestads tale på KrF-landsmøtet 21.04.