Debatt
Erling Thu er forkynnar i Kristent Nettverk.
Eivind Algrøy
Jo, Gud har gitt opp Den norske kirke!
Denne overskrifta er like meiningslaus som Sverre Elgvin Lied sin påstand: «Gud har ikke gitt opp Den norske kirke.» Då eg såg denne overskrifta i nettutgåva av Dagen, som refererte til talen hans på Oslo Symposium, tenkte eg: «Kva veit han om det?» Grunngjevinga hans har jo ikkje noko særleg tyngde. Mange med meg kunne bruka det same argumentet med motsett forteikn: «Gud har gitt opp Den norske kirke, for eg, og mange med meg, kjende kall frå Gud til å forlata Dnk og tena han utanføre Dnk.»
Dagen har ikkje gitt opp Dnk, men det har alle dei mange tusen frikyrkjelege kristne gjort. Når Dagen sine redaktørar legitimerer Dnk, byggjer dei, som Lied, på notstalgiske kjensler og personlege opplevingar, og ikkje på Guds ord.
Om Gud har gitt opp Dnk eller andre kyrkjesamfunn, kan eg ikkje eg svara på. Kven kan eigentleg svara på dette?