Debatt
KRISTENDOM: Så skeivt er det altså råd å framstilla kva sann kristendom er, skriv Johannes Morken i sitt svar til Per Haakonsen (biletet).
Tore Meek/NTB
Jo, kamp for menneskerettar er eit kristent ansvar
I Dagen (11.2.) skriv Per Haakonsen at «Kristendom er budskapet om frelse frå synd, død, dom og fortapelse. Det er ikke et budskap om menneskerettigheter, fellesskap, demokrati og likestilling. Det siste gjenspeiler en humanistisk virkelighetsforståelse, ikkje en kristen».
Så skeivt er det altså råd å framstilla kva sann kristendom er.
Vi i Stefanusalliansen omtalar oss sjølve som ein «misjons- og menneskerettsorganisasjon, med fokus på trusfridom». Vi gjer det med trykk på alle ledda. Vi har vore ein misjonsorganisasjon heilt sidan starten som Misjon bak Jernteppet i 1967, med bibelsmugling til den forfølgde kyrkja bak jernteppet.