Leder
UTRYGT: Det jødiske miljøet, både knytt til synagogen i Oslo, og elles i landet, sender ut eit varsku om tiltakande antisemittisme som vi pliktar å fanga opp.
Jødehatet: Stadig det mest seigliva av ideologisk ugras
Oppblussinga av antisemittisme rundt om i verda i kjølvatnet av Hamas-terroren på Israelsk jord den 7. oktober, er ei påminning om kor inngrodd jødehatet er, og kor vidt rotsystem akkurat denne varianten av rasisme har.
Det israelske svaret på det massive og målretta angrepet på sivile israelarar har på svært kort tid møtt kritikk for ikkje å stå i forhold til den ugjerninga som sette i gong krigens dødelege domino.
Det som i alle fall er uforholdsmessig, er at våre jødiske borgarar her heime no må bera konsekvensar av ein krig langt borte. Det kan vi ikkje tåla.