For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner

Du kan betale med vipps

Er du allerede abonnent?

KJØP

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Kommentar

I KJEND STIL: Matematikaren og trusforsvararen John Lennox i samtale med ein student sist han var på besøk i Noreg. No rundar nord-iren 80 år.

John Lennox: Krafta i det varme vitnesbyrdet

Når vi høyrer om det akademiske rullebladet til John C. Lennox, kan vi koma i skade for å tru at det er hans intellektuelle fortreffelegheit som gjer han til ein koloss i det kristne landskapet.

Publisert Sist oppdatert

Første gongen eg høyrde John Lennox live, var for berre eitt års tid sidan. Det gjekk eit stillferdig sus gjennom rommet då den aldrande kjempa entra podiet. Sjølv om han som 79-åring ikkje lenger var like lettbeint og førleg som før, var tanken krystallklar, blikket nyfikent, og evna til å fenga publikum formidabel.

– Folk spør om kristendommen kan testast. Så klart kan han testast! Viss han ikkje kunne testast, ville eg aldri ha vore ein kristen!

Den nord-irske matematikkprofessoren John Lennox snakkar med ein integritet som få andre om desse tinga. Han er Oxford-akademikaren som gjennom ei lang og innhaldsrik karriere har parallellført akademisk briljans med usvikeleg tiltru til Bibelens autoritet og utrøytteleg arbeid for å bryta ned skiljet mellom tru og vitskap.

Powered by Labrador CMS