For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

NLM: Biletet er frå Misjonssambandet si generalforsamling i 2022.

Jøssang: Tid for avrunding

Publisert Sist oppdatert

Bjørg Aambø Østby og underteikna har sidan i vår hatt nokre rundar om uroa i Misjonssambandet. Så vidt eg kan sjå er det lite nytt i det siste innlegget hennar (Dagen 22.10).

Eg har heile tida hevda at innsteget hennar blir for smalt, einsidig og ubalansert. Utan vidare hell har eg prøvd å peika på kontekstuelle tilhøve. Når ho også stenger for meir overordna perspektiv, er det ikkje så mykje meir å samtala om.

Eit par ting vil eg likevel kommentera. Det gjeld for det fyrste rolleforståinga mi på generalforsamlinga 2022. I motsetning til kva Aambø Østby synest å tru inneheld grunnreglane ingen karanteneparagrafar for tidlegare hovudstyremedlemmer korkje med omsyn til tid eller sak. Saker som misjonsfellesskap vil ta opp, må vera hovudstyret i hende seinast tre månader i førevegen (§ 9 i grunnreglane).

Powered by Labrador CMS