Jubilerande folkehøgskular

Dei kan lytta til pulsslaga i ungdomskulturen, utforma eit innhald som treff dei unge heime, gjera heile verda til læringsarena, gje tilfang til danningsprosessen. Og i det heile er det legitimt å la evangeliet få lyda til vekking og vekst. Arven fra Ole Hallesby lever! skriv Bjarne Kvam.

Publisert Sist oppdatert

Vi er inne i ei ju­bi­le­ums­bøl­gje i den krist­ne folke­høg­sku­len. På tre år, frå 1911 til 1914, kom det sju nye kris­te­le­ge ung­doms­sku­lar (folke­høg­sku­lar) som no fei­rar 100 år.

Flei­re av desse er eit di­rek­te re­sul­tat av Ole Hal­les­by sin ar­tik­kel «Indre­mis­sio­nen og den nye tid» i 1912 - pub­li­sert i seks ulike or­ga­ni­sa­sjons­blad. Her skis­ser­te han eit kris­tent skule­pro­gram som førte til etab­le­ring av ulike krist­ne sku­lar, mel­lom anna ein ny kris­ten læ­rar­sku­le i Oslo, Kris­te­lig Gym­na­si­um, og flei­re kris­te­le­ge ung­doms­sku­lar.

For Hal­les­by var vi­sjo­nen å nytta krist­ne sku­lar som ein rei­skap til å nå kunn­skaps­sø­kjan­de ung­dom med evan­ge­li­et. Inn­hald og or­ga­ni­se­ring av sku­la­ne kunne skif­ta ut frå prak­tis­ke for­hold og skif­tan­de vil­kår i sam­fun­net.

For hund­re år sidan var det ikkje noko lov­verk for folke­høg­sku­lar som ein måtte til­pas­sa verk­sem­da til. God­kjen­ning av ein skule var knytt til rek­tor, det same med til­skot frå sta­ten.

Slik vart det ulik pro­fil på sku­la­ne. Folke­høg­sku­lar førte vi­da­re arven frå Grundt­vig, medan dei kris­te­le­ge Ung­doms­sku­la­ne stod med ein fot i vek­kings­kris­ten­dom og ein i «det le­van­de ordet» frå Grundt­vig.

I 1949 kom fel­les lov om folke­høg­sku­lar og kris­te­le­ge ung­doms­sku­lar, og med den dis­ku­sjo­nen om kva ein rett folke­høg­sku­le skul­le vera. Sku­la­ne skul­le gje all­menn­dan­ning, men var denne av­gren­sa til sær­le­ge fag og emne, til stad og tid? Kor­leis var folke­høg­sku­len ein ann­leis skule enn ut­dan­nings­ver­ket elles i sam­fun­net?

Det synte seg nem­leg at flei­re fag og «liner» som vart ut­vik­la i folke­høg­sku­len vart tekne inn i den vi­dare­gå­an­de sku­len. Vart eigne opp­legg med det eit fra­man­d­e­le­ment i folke­høg­sku­len?

Løy­sin­ga ligg i at skule­sla­get er ek­sa­mens­fritt. Det vil på den eine sida seia at den ein­skil­de folke­høg­sku­len kan ut­vik­la sin pro­fil og ei­gen­art utan å stå til rette kor­kje for med­sku­lar eller de­par­te­ment.

I dette ligg ein dy­na­mikk for ut­vik­ling og krea­ti­vi­tet som også i fram­ti­da kan koma andre skule­slag til gode. På den andre sida skal folke­høg­sku­len «ut­ar­bei­de do­ku­men­ta­sjon over ele­ve­nes læ­rings­pro­gram og del­ta­kel­se».

Det tyder at ele­ven får med seg eit do­ku­ment som kan nyt­tast i møte med andre skule­slag og med ar­beids­li­vet.

Difor jub­lar dei ju­bi­le­ran­de over den ska­pan­de fri­do­men dei har til å ut­for­ma skule­pro­gram­ma sine. Dei kan lytta til puls­sla­ga i ung­doms­kul­tu­ren, ut­for­ma eit inn­hald som treff dei unge heime, gjera heile verda til læ­rings­are­na, gje til­fang til dan­nings­pro­ses­sen.

Og i det heile er det le­gi­timt å la evan­ge­li­et få lyda til vek­king og vekst. Arven frå Ole Hal­les­by lever!

Bjarne Kvam

rektor NLA Høgskolen

Powered by Labrador CMS