Jubilerande folkehøgskular
Dei kan lytta til pulsslaga i ungdomskulturen, utforma eit innhald som treff dei unge heime, gjera heile verda til læringsarena, gje tilfang til danningsprosessen. Og i det heile er det legitimt å la evangeliet få lyda til vekking og vekst. Arven fra Ole Hallesby lever! skriv Bjarne Kvam.
Vi er inne i ei jubileumsbølgje i den kristne folkehøgskulen. På tre år, frå 1911 til 1914, kom det sju nye kristelege ungdomsskular (folkehøgskular) som no feirar 100 år.
Fleire av desse er eit direkte resultat av Ole Hallesby sin artikkel «Indremissionen og den nye tid» i 1912 - publisert i seks ulike organisasjonsblad. Her skisserte han eit kristent skuleprogram som førte til etablering av ulike kristne skular, mellom anna ein ny kristen lærarskule i Oslo, Kristelig Gymnasium, og fleire kristelege ungdomsskular.
For Hallesby var visjonen å nytta kristne skular som ein reiskap til å nå kunnskapssøkjande ungdom med evangeliet. Innhald og organisering av skulane kunne skifta ut frå praktiske forhold og skiftande vilkår i samfunnet.
For hundre år sidan var det ikkje noko lovverk for folkehøgskular som ein måtte tilpassa verksemda til. Godkjenning av ein skule var knytt til rektor, det same med tilskot frå staten.
Slik vart det ulik profil på skulane. Folkehøgskular førte vidare arven frå Grundtvig, medan dei kristelege Ungdomsskulane stod med ein fot i vekkingskristendom og ein i «det levande ordet» frå Grundtvig.
I 1949 kom felles lov om folkehøgskular og kristelege ungdomsskular, og med den diskusjonen om kva ein rett folkehøgskule skulle vera. Skulane skulle gje allmenndanning, men var denne avgrensa til særlege fag og emne, til stad og tid? Korleis var folkehøgskulen ein annleis skule enn utdanningsverket elles i samfunnet?
Det synte seg nemleg at fleire fag og «liner» som vart utvikla i folkehøgskulen vart tekne inn i den vidaregåande skulen. Vart eigne opplegg med det eit framandelement i folkehøgskulen?
Løysinga ligg i at skuleslaget er eksamensfritt. Det vil på den eine sida seia at den einskilde folkehøgskulen kan utvikla sin profil og eigenart utan å stå til rette korkje for medskular eller departement.
I dette ligg ein dynamikk for utvikling og kreativitet som også i framtida kan koma andre skuleslag til gode. På den andre sida skal folkehøgskulen «utarbeide dokumentasjon over elevenes læringsprogram og deltakelse».
Det tyder at eleven får med seg eit dokument som kan nyttast i møte med andre skuleslag og med arbeidslivet.
Difor jublar dei jubilerande over den skapande fridomen dei har til å utforma skuleprogramma sine. Dei kan lytta til pulsslaga i ungdomskulturen, utforma eit innhald som treff dei unge heime, gjera heile verda til læringsarena, gje tilfang til danningsprosessen.
Og i det heile er det legitimt å la evangeliet få lyda til vekking og vekst. Arven frå Ole Hallesby lever!