EGYPT: Det er i grunnen ikkje ein ny katedral dei treng. Egyptiske kristne treng kyrkjer der dei bur – og tryggleik for at gudshusa ikkje blir brende ned eller øydelagde på anna vis, skriv Johannes Morken. På biletet talar president Abdel-Fattah el-Sissi til kristne i samband med ei julegudsteneste. Foto: AP Photo / NTB scanpix
Foto: AP Photo / NTB scanpix
Kampen for kyrkjene i Egypt
Kva skal Egypts kristne med ein stor katedral når dei ikkje får godkjent kyrkjene sine der dei bur?
Ved inngangen til den ortodokse julefeiringa i Egypt, opna president Abdul Fatah al-Sisi 6. januar Midtaustens største kyrkje i det som skal bli ein ny administrativ hovudstad i landet.
Det er på eitt vis vakkert å sjå ein president i eit islamskdominert land gå til gudsteneste på ein kristen høgtidsdag og opna ein ny katedral samstundes som han opnar ein ny stor moské. Politiske symbolhandlingar treng ikkje vera uviktige.
Men eg er redd katedralen i praksis vil få lite å seia for kristne i Egypt. Det er i grunnen ikkje ein ny katedral dei treng. Egyptiske kristne treng kyrkjer der dei bur – og tryggleik for at gudshusa ikkje blir brende ned eller øydelagde på anna vis av ekstremistar eller stengde av styresmakter eller tryggingstenester.