Debatt
ABORTLOVA: Abort tek ikkje liv av kvinner, men det verjelause barnet som ho bær, skriv Karl Johan Hallaråker.
Bjørn Olav Hammerstad
Kampen for livet
«Eg står her som kristen», er referert som helseminister Vestre sitt utsegn då han la fram forslag til ny abortlov. Eg skal ikkje vurdera hans vedkjenning. Dommen høyrer Herren til for oss alle. Men utsegna vekte eit minne frå studietida.
«Det er viktigare at Cæsar er ein god hærførar enn at han er ein god kristen», hugsar eg ein av mine gode professorar på gamle MF uttrykte det. Omsett til helseministeren – hærførar Vestre gjev oss ein trist og ikkje god bodskap. Det er eit stort falsum å fokusera på abort avgrensa til kvinner sine rettar. Abort tek ikkje liv av kvinner, men det verjelause barnet som ho bær. Det er det store alvoret. Helseministeren og regjeringa er med forslaget ikkje på livet si side.
Det er tankevekkjande at forslaget til meir liberal abortlov kjem i det året vi feirar tusenårsjubileet for «Kristenretten» og tinget på Moster i 1024. Det var starten på eit sed- og kulturskifte til vern om livet. Uønskte born skulle ikkje lenger setjast ut i skogen for å døy. Dei skulle takast vare på og få veksa opp.