For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

ANNLEIS: Kvifor skal det vera noko anna når det er Israel som må utrydda terroristar, spør Jostein Sandsmark. På biletet: Israelske soldatar nær grensa til Gaza, sør i Israel, 15. april.

Kan det vera nokon tvil om at jødane skal få sitt eige land?

Publisert Sist oppdatert

Harald Peter Stette skriv mykje godt i Dagen av 9.4., men sistpå uttalar han: «Profetene hadde primært et budskap til sin samtid, og ikke til hendinger flere tusen år seinere».

Dette er ei merkeleg oppfatning. Profetrolla oppfattar me nettopp som det å bera fram framtidsvisjonar. Stette kvittar seg med GT. Men dei jødiske profetane tala ofte om tida langt ut over GT si tidsramme. Og når det gjeld jødefolket og Israel som stat, er det tale om eit både/og – ikkje anten eller; eit Guds rike, der alle kan få vera innbyggjar, og ei nyoppretta Jakobs hytte – eit land for Abrahams ætt – «til evig tid».

Gud handlar. Es 11,17: «Eg vil samla dykk ute mellom folka, føra dykk saman frå dei landa de er spreidde i og gje dykk Israels land. Es 28,25: «Når eg samlar israelittane frå folka dei er spreidde mellom .....dei skal få bu i sitt land, det som eg gav Jakob». Es 34,13: «Eg vil henta dei frå folka, samla dei frå landa og føra dei til deira eige land». Es 37,25: «Så skal dei få bu i landet som eg gav min tenar Jakob, og som fedrane dykkar budde i. Både dei og borna og barneborna deira skal bu i det gjennom alle tider.»

Powered by Labrador CMS