Kan fredsplanen til president Trump nå fram?

«Dette vesle, 
men effektive 
landet er ei bremse 
mot den islamske 
ekspansjonismen.»

Publisert Sist oppdatert

Heilt sidan Lyndon B. Johnson sine dagar har amerikanske presidentar ikkje hatt evne eller vilje til å stå oppreist med ein fredsplan for den evige striden i Midtausten. Folk på grasrota vil ha fred. Men det vil ikkje dei korrupte palestinske leiarane. Dei hissar opp anti-stemninga og får fart på demonstrasjonane, satsar på medynk for «det palestinske folket» i verdsopinionen, nyt sjølve store økonomiske privilegium, samtidig som dei signaliserer: «Israel må øydeleggjast, og jødane må bort!»

Planen, som president Trump la fram 28. januar, er omfattande, eit rammeverk for ein lang serie konkrete framlegg. «Peace for Prosperity» har som visjon å forbetre livs- og levegrunnlaget for alle folkegruppene i regionen.

Det overraskande nyhendet er at USA og Israel offisielt vil gå inn for ei tostatsløysing, der palestina-arabarane skal styre seg sjølve, doble arealet under sitt oppsyn, kan oppnå svære investeringar utanfrå, med ein million nye arbeidsplassar, og så vidare.

Men sjølvsagt ikkje vilkårslaust. Ein prøveperiode på fire år, der ingen skal måtte flytte, men med stopp for nye busetjingar, og med stopp i væpna terroråtak frå Gaza inn mot sivile mål, og velstandsauke, er ein snart i nærleiken av ein situasjon som folk burde kunne leva med på båe sider.

Det var komisk å sjå dei fyrste reaksjonane i Noreg. NRK tok til å omtale planen gjennomgåande negativt kl. 13.00, det vil seie, fem timar før planen vart presentert i Washington. President Abbas – for godt mål – vraka heile planen mange veker i framkant. Norske aviser og fleire folkevalde var straks frampå og kommenterte ein plan dei ikkje hadde lese, og som dei enno snautt har bladd i. 181 sider er langt å lesa for travle folk; det er lettare å sitere Sissel Wold og Abbas om at «denne planen er trolig dødfødt, for bare den ene parten har fått være med».

Dette var standardkommentaren heile den fyrste veka. I grunnen avslørande for kunnskapsnivået, for dersom «den andre parten» skulle ha vore offisielt med i planarbeidet, ville det sjølvsagt ikkje ha blitt nokon handlingsplan i det heile. (Like fullt hadde amerikanarane hatt meir enn førti private konsultasjonar med den palestinske sida).

Arabarane vil ha alt eller ingenting; til og med Tel Aviv er «ei busetjing». Gjennom waqf-syndromet vil strategane i Den muslimske brorskapen og aktivistiske islamistar og klanar aldri gå med å gje opp landområde der muslimske troppar ein gong i tida har hatt kontroll. Allah godtek det ikkje! Såleis: Sør-Spania, Malta, Gozo, Sicilia og store delar av Balkan er berre mellombels ute av islam sine rettmessige hender.

Ifylgje Abbas kan det kan godt leva ein million arabarar inne i dagens Israel, men i ein framtidig ekstra palestinsk stat skal det ikkje finnast ein einaste jøde! Det er dette som på norsk venstreside heiter toleranse.

Midt inne i den religiøse, ideologiske og fysiske skirselden står Israel. Dette vesle, men effektive landet er ei bremse mot den islamske ekspansjonismen. Israel forstyrrar draumen om Det universelle kalifatet, og må difor vekk!

Ingen må innbille seg at det finst ein lett veg ut av slike historiske uføre. I botnen ligg det nedfelt lovnader om heilage landområde, både i Toraen og Koranen. Å akseptere noko anna enn det gudgjevne, ville for mange vera rein blasfemi. Ortodokse jødar er her like strilyndte som hardkokte islamistar.

Totalitære regime må frå Vesten møtast med fast hand, ikkje med jatting. Det er ikkje aktuelt å dele Jerusalem! Mange spør: Kva skal muslimane der, anna enn å skape problem for jødane? I Bibelen er Jerusalem nemnt sju hundre gonger, i Koranen null.

Heldigvis er det lyspunkt i prosessen, då fleire arabiske land no seier at fredsplanen har mange positive sider.

Når det norske mediakorpset no – som alltid – prøver å motarbeide republikanske presidentar og harselere med alt dei står for, og så lenge våre styresmakter sender hundretals millionar til bruk også for terror, martyrar, tunnelar og rakettar, er Noreg truleg med på å forlenge heile elendet i Midtausten.

Det hadde vore ein god ide om NRK og TV2 hadde sendt heile talen som president Trump heldt då «Peace for Prosperity» vart presentert. Så kunne ein etterpå drøfte seriøst dei framlegga som USA kjem med, i staden for å ville skyte ned ein løfterik plan i framkant.

Powered by Labrador CMS