Debatt
BØNN: «Bønnen forandrer ikke Gud; men den forandrer den bedende» (Søren Kierkegaard).
Adobe Stock
Kan Gud endre meining?
Det er ei anna forståing av sundagsordet i Matt 15,21 enn den som sto i avisa av 3.3. – som er meir nærliggjande enn at «Gud endrar meining».
Opptrinnet med den kanaaneiske kvinna er ein undervisningstime om Jesu oppdrag retta mot læresveinane. Jesus går inn i rolla som meiningsberar av det tradisjonelle synet; at frelsa var berre for jødane – og med den kanaaneiske kvinna er medspelar.
Gud har ikkje endra meining, men Jesus viser i dialog med kvinna at læresveinane sitt tradisjonelle syn er utdatert og må endrast.