Debatt
NYE TIDER: I 2017 inviterte daværende samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (foran t.v.) og konsernsjef i Telenor, Sigve Brekke, til konferansen «AI nå» som ville belyse mulighetene kunstig intelligens kan skape for Norge, når det gjelder konkurransekraft og nye arbeidsplasser.
Gorm Kallestad / NTB
Kan nokon snart skru av internett?
Internett har tatt kontroll over norske klasserom. Vi må endre den digitale skulekvardagen.
Internett har kome for å bli. Det opnar verda og både spreier og jamnar ut tilgangen på kunnskap og informasjon. Samfunnet blir stadig meir digitalisert, og det er avgjerande at elevane utviklar digital kompetanse. Berre fantasien set grenser for læringspotensial digitale verktøy og ressursar gjev elevane.
Men omsetjingsprogram og kunstig intelligens rokkar no ved heile ideen om utdanning. Det må gjerne brukast i læringssituasjonar, men før styresmaktene får kontroll, er det opplagt at vurderingssituasjonar igjen må bli analoge. Dei må anten gjennomførast med penn og papir, eller gjerne med datamaskin utan internett og innebygd programvare ein kan jukse med. Du kan sjølvsagt ikkje måle eleven sin skrivekompetanse om ho har brukt eit program som produserer tekst som er kvalitativt like godt som mange lærarar kan.
Styresmaktene har over tid og i skiftande regime sett utviklinga, men møtt henne med ei passiv og naiv haldning. Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) seier til VG at ho ikkje er så uroleg for at elevane vil bruke kunstig intelligens (KI) til å jukse, i ei sak om Andrea Holm Tanderø som har vist kor enkelt det er for elevane å bruke kunstig intelligens til å jukse.