Debatt
PÅ TROSS AV: Då andre verdskrigen kom til Noreg i 1940, klarte eit relativt splitta kyrkjefolk å finna saman i det situasjonen kravde av kyrkja, skriv Asgeir Sele. Her frå Oslo 1. påskedag 1942. Hirden gjekk til angrep på folkemengda utanfor Oslo domkyrkje etter gudstenesten kor prestane av samvetsgrunnar nedla sine embeter .
NTB / NTB
Kan teologien verkeleg gjerast så svart-kvit?
Denne hausten er det 80 år sidan Ronald Fangen skreiv sitt optimistiske kyrkjesyn inn i ei av dei flottaste salmane me har. Medan den andre verdskrigen herja rundt han, slo salmediktaren ettertrykkjeleg fast at «mens verdensriker stiger og de synker, går kirken mot fullkommenhetens vår».
Så er me der igjen. Ein brutal og meiningslaus krig herjar på europeisk jord og spreier bølgjer av frykt, økonomisk krise og hungersnaud langt ut over dei krigsherja områda. Då andre verdskrigen kom til Noreg i 1940, klarte eit relativt splitta kyrkjefolk å finna saman i det situasjonen kravde av kyrkja.
Kan me klara dette på nytt i den situasjonen me no er i? Eller er polariseringa kommen så langt at me allereie har spelt bort sjansen vår som kyrkje til å ha ei samlande og positiv rolle i ei krevjande tid for folket vårt?
Calmeyergatelinja var 20 år gammal då den andre verdskrigen kom til Noreg. Å avstå frå alt frivillig samarbeid med såkalla liberale teologar var for dei frivillige kristelege organisasjonane etablert som eit ufråvikeleg prinsipp. Men prinsippet måtte likevel vika då Europa stod i brann.