Karbonfangst og lagring – et nytt industrieventyr?
Regjeringar jobba langs fleire aksar for å få ned det globale klimaavtrykket.
Vi aukar fornybarandel i kraftmiksen, vi energi-effektiviserer, vi tek teknologien i bruk for å få ned karbonavtrykk, og næringslivet er med i det store grøne skiftet.
Sirkulærøkonomi vert viktig, og ein elektrifiserer i den utstrekning som er mogleg. Men det er vanskeleg å sjå for seg at ein skal sirkulere materiale inn i evigheita, eller ha ein byggeindustri utan sement og betong.
Produksjon av sement og forbrenning av avfall er eksempel på prosessar som slepp ut CO2. Difor er karbonfangst og lagring eit prosjekt regjeringa også jobbar vidare med.