Leder
INTERNASJONAL MIDDAG: Bibelen lærer oss å tenkje stort om måltidet.
Geir Møller
Kari Fure: Vakre ting kan skje når ein lagar mat med folk ein ikkje kjenner
Få ting gjer meg meir stressa enn når kyrkja mi arrangerer internasjonal middag. Og få ting gjer meg meir lukkeleg.
Kyrkja mi ligg i Bergens-bydelen Loddefjord. Det er ein bydel med mange innflyttarar. Nokre kjem frå Sudan, Sri Lanka og Syria. Andre kan kome frå Olden, Odda eller Oslo.
Anten vi har reist langt eller kort, har mange av oss til felles at vi ikkje vaks opp her. Det er ikkje her vi har røtene våre, men vi prøvar å slå rot på nytt. Det er ikkje alltid så lett. Det kan vere vanskeleg å knyte nye, nære venskap, når ein kjem flyttande som vaksen.