Kommentar
Kåss Furuseths Spektrum-bryllaup var litt som alle andre. Med mannen i ei birolle
Det er litt herleg at Else pluss Tommy er sant. Men har stuntet noko å melda også om den moderne mannsrolla?
TV-profilen Else Kåss Furuseth gifta seg i helga. Slik cirka, i alle fall. Sjølvaste Spektrum sette rammene rundt kjendis-hendinga, med eit stunt i skjeringspunktet reality, folkefest og laurdagskos.
Med Bjørn Eidsvåg som seremonimeister, og Sigrid Bonde Tusvik i rolla som toastmaster, er det lett å ana konturane av ein sjåarmagnet, sjølv i ein bransje der konkurransen er hard. 7500 gjester og ein velfylt raud løpar. Chris Holsten gav samlivsråd og Christine Koht sprengde fargeskalaen på veg inn til fest.
Med hjartet på bordet
Men her er meir, som det heiter i Skrifta. Den eigentlege spenninga var knytt til om det i det heile skulle utvekslast noko «ja» denne kvelden. At det ikkje stod på Else, høyrde vi om i forkant. Den varme villstyringen av ein TV-favoritt har lagt hjartet på bordet i alle tilgjengelege kanalar.
Ho er faktisk forelska, fortalde ho. Ho hadde prøvd brudekjole og fiksa alt. Utdrikkingslag har ho, rett nok, ikkje hatt tid til. Men livet hennar er visstnok ein fest, og då laurdagen kom, var alt klappa og klart.
Alt utanom ein ting. Brudgomen. Men ho tok sjansen på at han ville gjera det einaste ein brudgom stort sett treng å gjera: Møta opp og seia ja. Det kan vi koma tilbake til.
Aktuell
Midt i all virak og komikk, greidde Else Kåss Furuseth igjen å vera sårbar og tidsaktuell. Ho undra litt om dette prosjektet var «galskap eller idioti». Er det idioti, kastar han i det minste lys over annan idioti.
For eksempel over den såkalla datingkulturen, som dei seinare åra har handla om variasjonar over unnviking. Mange unge folk har seinare tid fortalt meg det same som Marigona Osmari sukka til Fædrelandsvennen tidlegare i år: «Det er ingen datingkultur, det er en «hook-up»-kultur».
Det vil seia ein kultur prega av uforpliktande relasjonar og tilfeldig sex. Ein er ikkje kjærastar, berre sonderer. Vurderer. Ser det litt an. Tida går. Ingen vil vera den første til å forplikta seg.
Sårbart singelliv
På dette bakteppet er Furuseths prosjekt interessant. Med bryllaupsstuntet gir ho ein uortodoks kommentar til «vent-på-eit-betre-tilbod»- kulturen. Else Kåss Furuseth har heilt enkelt sagt at ho lengtar etter ein å dela livet med.
Det er ei ærleg sak. Det burde kanskje vera banalt, så grunnleggjande og menneskeleg som det er. Så enkelt er det likevel ikkje.
Dei nyaste kartleggingane frå SSB, viser at talet på single har auka kraftig og at rundt 1,4 millionar av no oss lever åleine her i landet. Tala gøymer ulike grupper, og «singel» er eigentleg ein litt for enkel merkelapp. Men likevel. Dette er statistikk som vitnar om einsemd og lengt etter fellesskap.
Furuseth snakka rett inn i dette, med megafon. Ho ønska seg ein ektemann, ein for det lange løp, ein som står last og brast. Om det er ein slik ein ho no har funne seg, står att å sjå. Handlinga i helga verka i det minste håpefull.
Forplikting som forgyller
Det er berre å ønskja dei nygifte lykke til i livets mange viderverdigheter. Truleg finn ut at sjølv deira forventa nemesis, nemleg flaskepanting og shopping, faktisk kan bli forgylla av noko så traust som forplikting. Det er eit underkommunisert faktum i ei flyktig tid.
Denne typen arrangert bryllaup, med ei sårbar og faktisk erkjenning i botn, synest vera eit minst like godt alternativ som den primitive kampen for tilværet i dei digitale sjekkeverktøya sin jungel.
På datingappane verkar det nemleg langt til sivilisert varme. Personlegdomar blir reduserte til produkt som skal vera måltilpassa. Her blir menneske inviterte inn i ein logikk som minner meir om ein naturdokumentar enn om menneskeleg sivilisasjon.
Det var definitivt noko varmt og sivilisert over at hjarterknekten til Else Kåss Furuseth til sjuande og sist dukka opp. Tommy Johansen; kokken og kvardagshelten. Jubelen i Spektrum fortel at folkeleg tru på romantikken og den store kjærleiken ikkje er knekt av skilsmissetala og singelstatistikk.
Mann 2024: Ein moderne og påkledd Baloo
Men så var det dette med mannsrolla, då. For trass alle moderne krav om likestilling mellom kjønna, på bryllaupsdagen blandar vi sjølvsagt ikkje inn slikt. Kåss Furuseths metode er spektakulær, men nokså vanleg likevel. Det er kvinna som styrer bryllaupsshowet, anten det går av stabelen i Spektrum eller bygda sitt beste selskapslokale.
Og, forresten, var ikkje stuntet også som eit usminka glimt av mannsrolla i 2024? Her er kvinna planleggjar, igangsetjar, arrangør, og hovudperson. Mannen dukkar opp og svarer ja når han blir beden om det. Den moderne mannen er perfekt i rolla som ein slik godmodig og påkledd Baloo frå «Jungelboken». Slik som Else sin Tommy. Som «tar livet som det faller seg», møter opp når han skal og passar etter beste evne inn i kvinna sin draum.
Det er kanskje også slik ein mann av i dag må vera om han skal overtyda alle at han ikkje er råka av noko altfor mistenkjeleg maskulint. Berre ein vag mistanke om «giftig» maskulinitet kan i dag vera nok til å hamna i unåde, så det er kanskje best å vera på den sikre sida.
Det er trass alt betre å vera biperson i eit ferdigforfatta manus enn å hamna fullstendig på sidelinja.