| I Fokus
Katolsk – er det farleg?
VANRY: I norske kristne krinsar har ordet «katolsk» lenge levd i vanry, skriv Ottar Mikael Myrseth.
Foto: Marta Teresa Wade
I norske kristne krinsar har ordet «katolsk» lenge levd i vanry. Den protestantiske kyrkja har ikkje våga bruke trusvedkjenninga sitt ord om «ei heilag, katolsk kyrkje», men har omsett ordet til det heller utydelege «allmenn». Predikantar har i generasjonar åtvara imot og skremd folk bort frå alt som kan stemplast katolsk.
Slik har kristne i vårt land gått glipp av samanhengar og dimensjonar som er heilt fundamentale i den kristne kyrkja. Det har lagt grunnen for både farleg individualisme og regionalt høgmot. For «katolsk» er det grunntrekket som seier oss at vi står i ein større samanheng, både historisk, geografisk og teologisk.
Alle veit at vår tru og gudsdyrking er eldre enn vår generasjon. Men når vi går bak Hans Nielsen Hauge og Martin Luther, dukkar det gjerne opp eit tomrom. Også at den kristne trua er forma av fleire enn Bibel-forfattarane, er ein framand tanke for mange.