Kommentar
Kim Friele har blitt granska altfor dårleg, meiner Dagen-kommentator Sofie Braut.
Berit Roald / NTB
Kim Friele: «Sekulær saligkåring til stryk»
Det passar ikkje å hylla Kim Friele i skulebøkene til norske barn.
«Denne boken gjør Kim Friele til et ikon for førskolebarn», fastslår Bergens Tidendes bokmeldar Guri Fjeldberg om minibiografien, om homoikonet som kom i 2019. Boka, mynta på småbarn i alderen 3 til 6 år, viser systematikken i hyllinga av Friele her til lands.
I Gyldendals lesebok, Salto 4, berekna på niåringar, finn vi Friele som «førstedamen», ein udiskutabel helt, her heidra med eit reint hyllingsskriv. Hovudpersonen er framstilt med utstrekte hender under eit stort regnbogebanner. Barna får lesa setningar som: «Hun gikk foran oss alle».
Elevane lærer ikkje berre at synspunkta hennar er verdifulle, men også at metoden hennar var ein modell for ettertida: «Man skal si fra hvis man er overbevist om at man har rett. Og da må man si fra stille og rolig, sa hun».