Debatt
MÅ ANSVARLIGGJERAST: Folkerett og menneskerettar spelar ingen rolle verken for Xi Jinping i Kina (t.v.) og politiet hans eller for Kim Jong-un i Nord Korea, skriv Johannes Morken.
Ju Peng / AP / NTB
Kinas brutale tvangsretur til fangeleirar i Nord-Korea
Desperate flyktningar frå Nord-Korea som trudde dei hadde berga livet ved å ta seg til Kina, blir med makt sende tilbake til Kim Jong-uns despoti. Dette varslar ille.
Truverdige rapportar er komne om at 500 nordkoreanske flyktningar blei tvangssende tilbake til Nord-Korea i starten av oktober. Radio Free Asia rapporterer at dei fleste var sivile og religiøse personar – det vil seia; truleg var mange av dei kristne. Flyktningane blei arresterte medan dei forsøkte å komma seg til Sør-Korea frå Kina.
Tvangsreturen følgjer fleire tvangsreturar i august og september. Under pandemien var grensa mellom Nord-Korea og Kina stengt. Men etter at grensa blei opna igjen tidlegare i år, har Kina tydelegvis intensivert tvangsretur av nordkoreanske flyktningar.
Tvangsreturen bryt med folkeretten som krev at Kina gjev flyktningstatus til alle som desperat tek seg over grensa frå Nord-Korea. Dei er på flukt frå eit despoti.