| Kommentar

Kjære Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland

SONGARAR: Odd Nordstoga er juleturnéveteran, medan Ingebjørg Bratland gjer sin debut.
Publisert Sist oppdatert

For det første vil eg ønskje dykk lukke til med turneen de no legg ut på. Dei siste åra har eg vore på fleire konsertar med dykk båe, kvar for dykk og saman, så helsinga kjem frå fanklubben. Det kan godt hende at eg kjøper billett til julekonserten også.

Likevel kjenner eg at det luggar litt når eg les NTB sitt intervju med dykk like før avreisa til Asker og Bø og dei 16 andre stadene som står på turnéplanen.

Eg tykkjer det er vakkert når kjende artister løfter fram salmeskatten og gjerne finn nye musikalske uttrykk i formidlinga av gamal bodskap.  Og eg kjenner i liten grad trong til å granske artistane sine hjerter og nyrer eller forsikre meg om at ein «meiner» djupt og inderleg det ein syng. Det får bli ei sak for den einskilde artist og for Gud, tenkjer eg.

Det «henger litt igjen»

Eg har likevel ei forventning om at syngedamer og syngemenn i det minste avstår frå ironisk distanse til det materialet ein framfører i konsertsaler og kyrkjer på denne tida av året.

Tilbake til intervjuet med NTB, som altså blir distribuert til dei fleste av landets aviser og dermed har eit stort nedslagsfelt: 

Det er ikkje vanskeleg å forhalde seg til sitat som at ein «knytter bånd til tradisjoner og historie som betyr noe for folk.»

I neste avsnittet klinkar NTB-reporteren til med å fortelje om «den sakrale julestemningen - der det religiøse henger litt igjen - også det humoristiske i Odd Nordstogas hode.»

I same skål

Det er ikkje godt å seie om formuleringa skuldast ein reporter med redsel for å nærme seg det religiøse eller om det byggjer på noko artistane har sagt sjølv.  Norske journalistar har gjerne ei eiga evne til å bli sveitte og skifte spor når samtalen tek retning mot det kristelege.

Men i neste omgang kjem det eit sitat der intervjuobjektet ikkje akkurat distanserer seg frå framstillinga av «det religiøse» som noko sært. Om songvalet, til tonefølge av Det Norske Kammerorkester, heiter det:

– Det er Jesus og nissen i samme skål.

Kvar skal ein sjå?

Etter nokre obligatoriske avsnitt om utselde konsertar og eksttrakonsertar dreiar samtalen inn på tilhøvet til kristne salmar og om ein nyskreven melodi til den gamle Anders Hovden-teksten «Joleklokker over jorda». 

Fine passasjer om tradisjonar som blir haldne i hevd blir effektivt punktert i siste avsnitt:

«I Ingebjørg Bratlands familie synger de et julevers rundt bordet når de benker seg til julemiddagen.

– Da vet ikke folk helt hvor de skal se! ler hun.»

Litt høgare forventningar

Kjære dugande, lattermilde og morosame artistar.

Er det verkeleg dette de ønskjer å selje inn om salmane i julerepertoaret dykkar? At «det religiøse henger litt igjen», at det er «Jesus og nissen i samme skål» og at salmesong er til å bli så flau av at ein knapt veit kvar ein skal feste auget? 

Eg har faktisk litt høgare forventningar til artistar på dette kulturelle nivået.

I det lengste vonar eg at eg tek litt feil og at eg tolkar dykk for strengt. Eg veit jo sjølv korleis eit intervju kan ta sine eigne vegar og at ein som kjelde ikkje alltid veit kva som kjem ut i andre enden.

Eg forventar likevel at artistar som vel å synge salmar på «utselde konsertar» i det minste avstår frå distansere seg frå den tradisjonen og den plassen salmeskatten har hatt og faktisk har i mange menneske sine liv. 

Er det for mykje forlangt?

Fnising og billege poeng

I ein kultur der mangfald er mellom dei fremste honnørorda, er berøringsangst for religion ironisk nok blitt eit kjennemerke. 

Ingen kan påtvingast eit naturleg forhold til religion, og det er opp til kvar enkelt å fnise og tulle med religiøse forestillinger, fakter og fenomen. Eg har sjølv leia arbeidet med ei humorspalte som i stor grad henta sitt råstoff frå norsk kristenliv 

Men vel ein å gjere songar med djupt kristeleg innhald til ein del av sin forretningside og sitt levebrød, forventar eg at ein avstår frå fnising og billege Jesus- og nisse-poeng i den landsdekkande promoteringa. 

Eg ønskjer dykk lukke til med turneen. Det vil forundra meg om den ikkje blir fin og gjev mange gode opplevingar for oss i Nordstoga og Bratland sin store supporterklubb. Eg er også viss på at formidlinga av julesalmene kjem til å bli eit høgdepunkt.

Powered by Labrador CMS