Frispark

LOJALITET OG OPTIMISME: Solsikka er Ukrainas nasjonalblom. Blomen er karakterisert ved å strekke seg mot sola om dagen. Blomen står for lojalitet og optimisme, skriv Kjersti Toppe.

Kjersti Toppe: Solsikketårer for Ukraina

Publisert

Det er krig i Europa. Vi står i ei ny tid. Det russiske angrepet på Ukraina er eit angrep på demokratiet. Dette angår også norsk sikkerheit.

Russland fører ein brutal krig som rammar folk i Ukraina hardt. Sivilbefolkning skal ikkje vere militære mål og skal ikkje angripast. Likevel blir det rapportert om nettopp det.

Angrep på sjukehus, skular, sivile heimar og kritisk sivil infrastruktur i Ukraina. Vi les om bruk av klaseammunisjon, som er ekstra ille fordi det er våpen med stor spreiingsevne som i mindre grad skil mellom uskyldige sivile og militære mål. Noreg fordømmer på det sterkaste Russland sine brutale krigshandlingar.

I iPhonens tidsalder opplever vi altså ein urban krigføring på bakkeplan i vårt nærområde. Bomber og granatar i gatene. Store sivile tap.

Ein av ungdommane i heimen min kommenterte akkurat det. Han trudde ikkje at krig ville arta seg slik i 2022. Eg har tenkt lite på det, har vel meir trudd at krig ikkje ville skje.

Mor mi har opplevd 2. verdskrig, og fredstida etter. Ho seier at ho nærmast ikkje klarar å ta det inn over seg at ein no opplever krig på ny. Så nært. Så grufullt.

Eg trur mange føler på det same. Realiteten er sterk, dramatisk og uverkeleg. Folk opplever utryggleik. Krigens brutalitet angår oss alle.

I Norge stiller vi opp for folk i Ukraina og den legitime forsvarskampen. Midlertidig kollektiv vern for borgarar av Ukraina blei innført 11. mars. FN og humanitære organisasjonar rapporterer om enorme behov for humanitær bistand som mat, vatn, medisinar og anna naudsynt utstyr.

Noreg bidrar sterkt med å yte materiell og medisinske bistand som ukrainske myndigheiter og nabolanda no ber om. Det skulle sjølvsagt berre mangle. Norske sjukehus står også klare til å ta i mot ukrainske pasientar, inkludert blant anna barn, brannskadde og kreftsjuke. Det er innført ei historisk kraftig sanksjonspakke mot Russland.

Situasjonen vil utfordre oss alle. Men det er no vi skal vise kva som bur i oss.

Den russiske krigføringa har ført til at snart tre millionar har flykta frå Ukraina. Vi veit enno ikkje kor mange flyktningar som kjem til Norge eller kor lenge dei vil bli. Men vi veit at mange av flyktningane vil vere barn. Kvinner og barn.

Eit foreløpig scenario frå utlendingsmyndigheitene er at det kan komme 30.000 asylsøkjarar til Noreg i 2022 frå Ukraina. Dei skal vi ta godt i mot! Dei skal bli busett så raskt som mogleg.

Vi skal gi dei moglegheit til å komme i gang med liva sine, og gi dei moglegheit for arbeid og integrering. Ukrainske barn får rett på barnehageplass når dei er busett i ein kommune. Barn i skulealder skal få skuletilbod så raskt som mogleg. Vidaregåande elevar har rett på skuleplass etter søknad.

Situasjonen vil utfordre oss alle. Men det er no vi skal vise kva som bur i oss. Vi må vise samhald, fellesskap og solidaritet. Vi må bry oss. Kommunane i Noreg stiller heldigvis opp. Det er stor vilje til å hjelpe.

Tilbakemeldingane så langt er at kapasiteten til å ta i mot flyktningar i kommunane er 22.000. Dette er eit fint utgangspunkt. Det er truleg behov for meir. Men også frivillige organisasjonar er vi avhengige av no.

Det gjeld både hjelpeorganisasjonane, men også idretten og andre frivillige organisasjonar som kan hjelpe til her heime. Eg vil også ta fram den frivillige innsatsen i trus- og livssynssamfunna. Det er frivilligheitas år i år. Det kjem godt med!

Vi har nettopp vore gjennom to år med pandemi. No er det krig i Europa. Vi skimtar flyktningkrise, energikrise og matkrise. Men vi må ikkje misse trua. Eller håpet. No kjem snart våren her nord. Med vårkål og kvitveis og karse.

Eg har alltid hatt ein favorittblom. Nemleg solsikka. Så rank og høg, så intens og kraftig i form og farge. Solsikka er Ukrainas nasjonalblom. Blomen er karakterisert ved å strekke seg mot sola om dagen.

Blomen står for lojalitet og optimisme. Solsikka blei også brukt til å reinse jorda for tungmetall frå atomkatastrofen i Tsjernobyl. Ukraina kunne altså ikkje hatt ei betre symbolplante.

I dag bøyer nok solsikkene blomsterhovudet og gret sine tårer for landet sitt. Slik vi alle gjer for Ukraina.

Powered by Labrador CMS