Debatt
STATSRÅD: Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) på Kyrkjemøtet 2022 i Trondheim.
Herman Frantzen
Kjersti Toppe til Kyrkjemøtet: For alt dette vil eg rette dykk ei stor takk
I vanskelege tider er kyrkja sitt arbeid enda viktigare enn ellers. Kyrkja har ei rolle å spele i å gje folk håp. Tryggheit og håp for dette livet, og håp om frelse.
Kjære Kyrkjemøte. I fjor stod eg her for første gong – fire veker etter at eg hadde tiltredd som statsråd. I fjor visste eg ikkje heilt kva eg gjekk til når det gjaldt kyrkjemøtet. I år har eg gleda meg.
Eg er stolt og takknemleg for at eg får arbeide med, og vere med å gi retning for, eit slikt viktig politisk felt og samfunnsområde som trus- og livssynsfeltet er.
Det representerer grunnleggande menneskelege verdiar og samfunnsverdiar i den tida vi lever i. Eg veit at den jobben de gjer i Den norske kyrkja betyr så mykje for så mange menneske og for lokalsamfunna rundt om i heile Norge. Uansett kva kommentatorar i riksaviser skriv om det.