For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Meninger

NÆRING: Barneforholdet var ikkje knytt til kor mykje eg tok til meg. Maten var for meg, ikkje eg for maten, skriv Gudleik Himle.

Kjødeleg og åndeleg mattrong

Publisert Sist oppdatert

Heilt sidan fødselen treng me mat. Me treng ikkje læra å ta til oss mat. Livet lærer oss det, det krev næring. Eg var vitne til to lammefødslar, eit var dødfødt og eit levande. Det levande søkte mat, ikkje det daude. Heilt sidan menneske vart skapt, har det trengt mat. Det er ikkje maten som skaper liv, men den opprettheld livet.

Opp gjennom barndom og oppvekst fekk eg høyra av mor: «Det er mest så eg skjemmes, det ser jo ut som du ikkje får mat.» Eg var så tynn. Mat fekk eg, men om den vart sett fram nytta det ikkje, same kor god den var. Den var utanom meg, kom i liten grad inn i meg.

Det var berre mor, far og meg, men mor laga god mat til oss. Me var jo så få, kvifor skulle ho laga mat til berre oss? Me levde og trong mat. Om eg åt lite, fekk eg ikkje høyra: «Dersom du ikkje et meir, får du ikkje vera son vår.» Nei, barneforholdet var ikkje knytt til kor mykje eg tok til meg. Maten var for meg, ikkje eg for maten.

Powered by Labrador CMS