Leder
REDAKTØR: Aftenpostens Kjetil B. Alstadheim stiller spørsmålet om kva som hadde hendt med arverekkefølgja om Märtha Louise skifter juridisk kjønn. Det aktualiserer ein debatt som har blitt kuppa av aktivistar.
Hanna Johre / NTB
Kjønn – eit tema for viktig til å bli kuppa av aktivistar
Kjetil B. Alstadheims kreative tankeeksperiment trengst i debatten om kongehuset, men endå meir i kjønnsdebatten.
I helga lanserte ein politisk kommentar i Aftenposten eit nokså vilt tankeeksperiment under ingressen «Tenk om det skjedde noe helt vilt i kongehuset».
Redaktør Kjetil B. Alstadheim slepper laus ei fantasifull fundering over kva som ville skjedd dersom Märtha Louise fann ut at ho ville utfordra arverekkefølgjen gjennom å skifta juridisk kjønn. Kommentatoren brukar spalteplassen på å utforska eit scenario som han innrømmer er noko absurd.
Eller for å låna hans eigne ord om scenarioet han rissar opp «både oppkonstruert, usannsynlig og dypt usaklig. Så sprø ting skjer tross alt ikke i det ryddige norske kongehuset».