Frispark
Klimaendringar, ja!? – klimakrise, nei!?
Som folk flest er eg ingen fagperson på klimaspørsmål. Eg ser på vêret og gradestokken, likar både sol og regn, men hugsar snautt om det var vått eller turt i fjor sommar.
Eg trudde lenge at temaet «klima og klimapolitikk» berre var for dei innvigde. Enorme forskingsprogram, konferansar og internasjonal storpolitikk var for noko for «dei som er høgt der oppe». Amatørar bør halde seg borte, og då eg ymtar om at ymse «klimatiltak» er gagnlause, og attpåtil kolossalt kostbare, får eg beskjed om å ta meg ein bolle.
Men så las eg Klassekampen 22. august, der professor i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, Arild Linneberg, set motet i fleire av oss historikarar og språkfolk: «De humanistiske fagene er opptatt av sammenhengen mellom det som har vært, og det som skal komme. Det dreier seg om å ta vare på det viktigste i det historisk kollektive minnet … Nå har tanke og handling skilt lag; refleksjonen svinner … Mange er i dag redd for å uttale seg om ting de ikke har faglig dekning for. Men det er en fordel at folk som vant til å skrive og tenke, også uttaler seg mer allment. Ja, vi trenger intellektuelle i dette landet.»
Klimavitskapen bør vera mindre politisk, medan klimapolitikken bør vera meir vitskapeleg.
Filolog eller ikkje, hugsar eg godt alarmoverskrifter frå mi studietid 1965–73: «Oljen er slutt om ti år.» «Naturressursene uttømt innen 30 år.» «Forurensing vil ta knekken på all fisk.» «Ny istid fra år 2000.» Og eit par tiår seinare: «Manhattan snart under vann.» «Hungersnød om ti år hvis vi ikke slutter med fisk, kjøtt og meieriprodukter.» «Storbritannia kaldt som Sibir innen 2020.» Og endeleg klimaprofeten Al Gore, som i 2008 spådde «Ice-free Arctic by 2013.»
Katastrofane verda rundt held fram på dagsrevyane kvar einaste veke: flaumar, ras, jordskjelv, orkanar, brannar … «Det var då ikkje slik før», sa ei eldre kjerring her i Ål. «Nei», sa grannen, «men då hadde me ikkje fjernsyn heller!» Han minte om varmt vêr i gamle dagar, då det vaks furuskog oppunder Hallingskarvet. Eller vulkanutbrotet i Tambora, Indonesia våren 1815, som med nedfall av oske og stein tok livet av hundre tusen menneske, gjorde sommar til vinter, og førte til pest i mange land og hungersnaud i det vestlege Europa året etter.
I dag kan klimaendringar, medisinske nyvinningar, epidemiar, angst og sosialt elende gjerast til «big business» for dei interessene som styrer pengeflaumane og teknologien. Som alltid: ein kamp om ressursar og makt.
Informasjon er nøkkelen. Framtida dreiar seg om informasjonstilgangen og styring av denne.
Kven styrer? Dei folkevalde? Multinasjonale selskap? FN? OPEC? Davos? Felles for alle desse er at dei må virke i samspel med vitskapane. Vitskapsfolk og forskarar går i langsiktige oppdrag, med løner og tilskot, set opp modellar for å nå den politikken som EU, FN med fleire siktar mot. Dei tyngste media spelar på lag, og skapar breiare oppslutning om det som vert rekna som premissar, slutningar og konklusjonar.
Kva skal ein observatør la seg styre av? Fleirtalspolitikk? Undergangsprofetiar? Historisk rasjonalitet og sunn fornuft?
Skulejenta Greta Thunberg seier at planeten tek til å nærme seg masseutrydding. Stortingsveteranen Per Olaf Lundteigen hevdar at «C02 er ikke forurensing, men viktig for alt liv på jorda». Fotosyntesen, som mange journalistar er ukjende med, er ei velsigning. Meir CO₂ er gunstig for naturen og gjer jorda grønare. Ingen stad i Sverige veks skogen betre enn langs dei store bilvegane.
1107 forskarar (av desse eit trettital nordmenn), leia av den norske nobelprisvinnaren i fysikk, Ivar Giæver, er ikkje med på klimajaget. Ved signeringa av World Climate Declaration 2022 hevdar dei at det ikkje finst noka klimakrise. Klimapolitikken er degenerert til ein diskusjon basert på påstandar og tru, ikkje på kritisk, empirisk vitskap.
Såleis: Klimavitskapen bør vera mindre politisk, medan klimapolitikken bør vera meir vitskapeleg.
Men ingen kan vera skråsikker. Som Jo Benkow sa: «Det finnes alltid motargumenter i en sak. Vi lar debatten gå, og så vil det etter hvert utkrystallisere seg brukbare standpunkt.»