For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

ALKOHOLFRIE ARRANGEMENT: Det er viktig at kommunen har alkoholfrie møtestadar for ungdom, og alle idrettsarrangement bør vere utan alkohol, skriv Per-Arne Lillebø og John Almendingen.

Kommunestyret set premissane for den lokale alkoholpolitikken

Publisert Sist oppdatert

Stortinget har vedteke alkohollova som gjev ei ramme for alkoholpolitikken her til lands, men det er kommunestyra som har ansvar for den lokale alkoholpolitikken i den einskilde kommunen.

Etter alkohollova sin §1-7d har kommunen plikt til å utarbeide og vedta ein alkoholpolitisk handlingsplan. I dei fleste kommunar er det fagetaten som lagar planen, medan det i nokre kommunar er ein breiare prosess som involverer aktørar med ulik kjennskap til alkohollova og som har ulike meiningar om kva som er god alkoholpolitikk for kommunen.

Formålet med alkohollover er å førebyggje dei samfunnsmessige og individuelle skadane som alkoholbruk kan skape. Dette vil ein oppnå ved å avgrense forbruket av alkohol. Lova set få krav til kva den kommunale alkoholpolitiske handlingsplanen skal innehalde, men ifølgje Helsedirektoratet skal planen ha som mål å redusere alkoholkonsumet, og planen skal seie kva verkemiddel ein skal ta i bruk for å nå dette målet. Som eksempel er nemnd taket på skjenkestadar og redusert skjenketid.

Powered by Labrador CMS