Debatt

TREDJE KATEGORI: Vil me i framtida få ein tredje kategori i idretten for dei som ikkje kjenner seg heime i herre- eller dameklassen, spør Brynjulv Hernes.

Konsekvensar ved å innføre eit tredje kjønn

Publisert Sist oppdatert

Det er mykje som skjer i samfunnsdebatten i Norge i dag. Me har i alle år lært om at det er to kjønn i skaparverket, men no er det visst funne ut at det er eit utal av kjønn, i alle fall tre.

Dette set tankane i sving hjå meg. Kva konsekvensar vil dette ha på fleire område? Me har nett vore vitne til VM på ski. Der var det herre- og dameklassar. Vil me i framtida få ein tredje kategori i idretten for dei som ikkje kjenner seg heime i herre- eller dameklassen?

I politiske utval skal det vera ein viss prosent av begge kjønn. Vil me no få ei viss prosent av det tredje kjønn? Kva med gymfaget i skulen som gjerne er delt i jente- og gutegrupper? Meir kunne vore nemnt.

For min del held eg meg til orda frå skapingssoga: «Til mann og kvinne skapte han dei.» Eller må bibelomsetjarane finna ei ny formulering som er i samsvar med eit lovverk slik statsråd Trettebergstuen vil ha det?

Powered by Labrador CMS