UROLIG: Til lengre debatten rundt Menighetsfakultetet (MF) går, til meir uroleg vert eg, skriver Johannes Kleppa. FOTO: Magnar Børnes

Kor lenge kan vi driva bibeltru høgskular?

MF er det tyngste teologiske fagmiljøet vi har, og det vitskapssynet som her vert fremja, kan få store konsekvensar for alle frie kristne høgskular.

Publisert Sist oppdatert

Til lengre debatten rundt Menighetsfakultetet (MF) går, til meir uroleg vert eg. Det som gjeld bibelsynet og den teologiske utviklinga ved fakultet gjev i seg sjølv grunn til fortviling, både med tanke på situasjonen internt på fakultet og med tanke på ringverknadene av denne.

Det som etter kvart gjer meg enda meir uroleg med tanke på framtida for kristne høgskular, er den forståinga av akademisk fridom, særleg forskningsfridomen, som no vert forfekta frå MF-hald. Det er ei forståing av den individuelle forskningsfridomen som undergrev frie kristne institusjonars plattform og oppgåve, og eigarretten ut frå vedtektene.

MF-rektor Vidar L. Haanes har vore høgt på banen med ei tolking av den akademiske fridomen som ikkje berre forsvarar utviklinga på MF, men tilseier at utviklinga må vera slik – altså at det må vera ein pluralisme der kvar forskar står for sin eigen teologi. No har forskningsdekanen ved MF, Jan-Olav Henriksen, skrive ein større artikkel om det same i Luthersk Kirketidende nr. 16/14. Det er svært talande og avslørande for utviklinga at det nett er den professoren som for vel ti år sidan skapte dei store bylgjene ved MF ved skifte i homofilisynet, som no er premissleverandøren og talsmannen for forskningsfridomen ved institusjonen.

Henriksen omtolkar § 1 i MFs grunnreglar på radikalt vis. Han omdefinerer at institusjonen «baserer» arbeidet sitt på Skrifta og vedkjenninga til at dette er «en angivelse» av kva som som skal vera det sentrale i dei kritiske drøftingane. Ein «basis» er jo noko som ein skal stå på, og ha som fotfeste for arbeidet, ikkje ein «brukskontekst», som Henriksen omskriv det til. På brutalt vis fråtek han i forskningsfridomens namn alle eigarar sin teologiske og ideologiske styringsrett ved at han slår fast at det er forskaren sjølv om «må avgjøre» om vedkomande sine synspunkt høyrer heime innafor og fremjar «institusjonens målsetting».

LES OGSÅ: Er MF i strid med seg selv?

MF er det tyngste teologiske fagmiljøet vi har, og det vitskapssynet som her vert fremja, kan få store konsekvensar for alle frie kristne høgskular. Dersom dette slår gjennom i politiske miljø, får det fylgjer for lovgjevinga og økonomiske ordningar. Slår det gjennom i akademia får det konsekvensar for akkreditering av høgskular, godkjenning av fagplanar, vurdering av doktorgrader og godkjenning av personleg kompetanse. Då har ikkje lengre konservative høgskular livets rett. Skal vi unngå å koma i den situasjonen, må fagfolk med høg kompetanse raskt koma på banen der dei går i rette med Henriksen og Haanes, og viser alternative forståingar av akademisk fridom, der også organisasjonsfridomen og mindretalsretten vert ivaretekne i åndsfridomens namn. MF er no ikkje berre i ferd med å konsolidera sin eigen religionsvitskaplege pluralisme, men også å overkjøra all bibelforplikta og vedkjenningsforplikta akademiske utdanning.

MFs utvikling

Dagen har i en serie artikler sett på utviklingen ved Menighetsfakultetet

– Vi er ikke lenger et bolverk mot liberal teologi, 4. august

Sender etikkstudenter til Roma, 5. august

Bruker MF som skrekkeksempel, 6. august

Inviterer inn på egen plattform, 8. august

Savner fokus på integritet, 11. august

Bibelforsker forlater Menighetsfakultetet, 13. august

Geir Otto Holmås forklarer hvorfor han slutter:

Utviklingen i fagteologien og mitt farvel med MF

Dagens lederartikkel: Et dristig utspill - 13. august

Advarer kristne mot å avskrive fagteologien, 14. august

MF-professor identifiserer seg med Ole Hallesby - 15. august

Skeptiske til merkelappen «liberal» - 19. august

Å utdanne fremtidens kristne ledere - kommentar av Tarjei Gilje - 20. august

Bibelsyn og akademia - kronikk av Rolf Kjøde 8. september

Kjøde tar feil på tre av tre punkter - skriver Vidar L. Haanes 10.09

Endringene er godt dokumentert , hevder Rolf Kjøde 11.09

Bibeltroskap, kronikk av Harald Hegstad 12.09

Er MF i strid med seg selv? spør Espen Ottosen 15.09

Flere debattinnlegg og kommentarer om MFs utvikling og bibelsyn finner du ved å trykke her

Powered by Labrador CMS