Leder
BYGGJER BRUER: Muslimar har fått auge på Jesus, fordi lokale kristne strekkjer ut hender, opnar dører og byggjer bruer til medmenneske.
Kari Fure
Koranbrenning er ikkje måten å vise muslimar ein betre veg på
Midt i den oppheta debatten om koranbrenning, kan det vere greit å minne om at vårt kall som kristne er å elske muslimar.
Det siste oppdraget Jesus gav oss, då han framleis gjekk rundt på jorda, var å gå og gjere alle folkeslag til læresveinar.
Dette bør vere del av biletet når vi tek stilling til om det er klokt, mindre klokt eller så uklokt å brenne Koranen at det bør bli forbode.