Meninger

NÅTID: Noko av det eg sette mest pris på ved min siste pianolærar, var at han alltid tok utgangspunkt i der eg var, ikkje der eg burde vera, skriv Marit Hårklau Ådnanes.

Korleis møter eg krav og utfordringar?

Publisert Sist oppdatert

Noko av det eg sette mest pris på ved min siste pianolærar, var at han alltid tok utgangspunkt i der eg var, ikkje der eg burde vera. Dette førte til meistring og større glede i og mellom øvingstimane. Eg skulle sleppa å samanlikna meg med andre. I det siste har eg tenkt på korleis dette ser ut i vårt åndelege liv og i forsamlingslivet.

Ofte behandlar me kvarandre som om me er på same plass i livet. Dette kan føra til at menneske reagerer heilt ulikt på ein tale, ei hending eller anna. Menneske kan ha indre kampar, byrder og smerter me ikkje ser. Kor ein er i livet, avheng av korleis ein reagerer. Nokre vel å trekka seg vekk frå forsamlingsliv, ja, gjerne også vekk frå Gud, fordi det er stor avstand mellom kor ein er og korleis ein opplever seg møtt.

Av og til kan eg sjølv kjenna på einsemd i forhold til at «ingen forstår». Som ekstrovert person kan også eg ha behov for å trekka meg vekk og vera stille. Så kom eg nyleg over boka «Den indre rytme» som set ord på nettopp dette. Ofte trur me at livet og vår åndelege reise går frå den eine stasjonen til den neste, nærast som ei rett linje, frå ein tilstand til ein ny. Men kanskje er det meir slik at livet er som ein sirkel?

Frå der me står – med våre kampar og smerte, men også gleder – møter Gud oss. Han forstår! Han trøystar, oppmuntrar og gir oss fornya kraft til å fortsetja vår innsats i verda.

Ordet «rytme» blir ofte nytta i åndeleg samanheng. Rytmen startar der me er, ikkje der me burde vera. Dette fører meg over til neste steg; til ein einsam stad der eg kan bli fornya. Her kan eg få leggja av byrder, erkjenna feiltrinn, visa sorg, erkjenna synd og dumskap. Det er på dette plan Gud alltid ynskjer å møta meg. Han som elskar oss, er nær. Her blir me omfamna, tilgitt, utrusta og tanka opp for reisa. Ofte trur eg me hoppar over dette stadiet. Det kan føra til at me vert utbrent og bitre; til livet og inn i tenesta. Me gir og gir, og det er ikkje balanse i livet vårt mellom å ta imot frå Gud og å gi til andre.

Etter stilletid og opptanking går me ut; med ressursar, kreativitet og engasjement til forsamlingsliv og verda generelt. Eg er trygg, glad og fri! Eg er blitt møtt av Gud der eg er i livet. Eg er elska og unik. Eg skal sleppa å samanlikna meg med andre. Eg blir ikkje overkøyrt av alle krav rundt meg, men kan møta utfordringar med nytt mot. Dette erfarer eg i eige liv, når eg berre er ærleg og «bunkrar opp» i stilla med Herren.

«Tid brukt til indre fornying er aldri borkasta tid», seier Henry Nouwen. Det erfarer eg er veldig sant.

Powered by Labrador CMS