Misjon
Kreativt misjonsarbeid
I mange land i Nord-Afrika og Midt-Austen er færre enn 1 prosent av innbyggjarane kristne. I dei fleste av desse landa er tradisjonelt misjonsarbeid umogleg. Misjonsoppdraget gjeld også desse områda, så kva kan ein så gjere for å nå inn dit med evangeliet?
To hovudmåtar å drive misjon på i slike område er enten ved å reise ut som fagpersonell eller ved å etablere business.
Nokre gonger blir kristne fagpersonar også kalla teltmakarar. Inspirasjonen til namnet finn ein hjå Paulus. Han var handverkar og finansierte misjonsarbeidet sitt ved å sy telt. Då han kom til Korint, tok han inn hos jødane, Akvilas og Priskilla, som også levde av å sy telt, og arbeidde saman med dei.
På sabbaten underviste han i synagoga. I og med at Paulus skaffa sine eigne inntekter, var han ikkje ei økonomisk belastning for nokon, heller ikkje for dei som kom til tru ved vitnemålet hans.
Også i dag tar kristne menneske lønna arbeid rundt om i verda samstundes som dei er medvitne om at arbeidet deira også er ei teneste for Gud og at dei er hans vitne overfor menneska dei møter. Teltmakartenesta ser ulik ut om ein er fotballspelar frå Brasil, ingeniør frå Tyskland eller au pair frå Filippinane.
Det dei har felles, er at dei har eit yrke og ein offisiell identitet som gjer at dei kan bu og arbeide i samfunn og kulturar som er stengde for ope misjonsarbeid og ordinære misjonærar.
Dei får innpass på stader der gateevangelisering og store evangeliseringskampanjar er utenkjeleg. Gjennom veremåte og i tillitsfulle samtalar med kollegaer, naboar eller venner kan dei dele evangeliet med menneske som bur på plassar med få eller ingen kristne.
Misjon gjennom næringsverksemd, eller «Business as mission» (BAM) som det heiter på engelsk, er også ein måte for kristne å komme inn i område som er stengde for tradisjonell misjon. Mange stader som er stengde for misjonærar ynskjer investorar, handelsmenn og ekspertar velkomne. Det er mest fantasien som set grenser for kva som kan falle inn under BAM-paraplyen. Nokre krav bør det likevel vere.
Næringsverksemda må vera noko som bidrar positivt til landet og økonomien der. Dersom det kan generere arbeidsplassar, er det eit stort pluss. Det ein gjer, må også gjerast etter gode etiske standardar. I mange land er korrupsjon og skattesnusk svært utbreidd.
Det er eit svært dårleg vitnemål om kristne forretningsmenn og -kvinner driv med slikt. Tilsette i BAM-selskap bør også ha etisk forsvarlege arbeidsvilkår, og lovene i landet må sjølvsagt respekterast.
I mange land er korrupsjon og skattesnusk svært utbreidd. Det er eit svært dårleg vitnemål om kristne forretningsmenn og -kvinner driv med slikt.
For ein del år sidan høyrde eg grunnleggjaren av misjonsorganisasjonen Tent, Steinar Opheim, snakke engasjert om teltmakarteneste. Han sa at på engelsk snakka ein om tre type teltmakarar: «Job takers, job makers og job fakers.» «Job takers» er dei som går inn i eit firma eller institusjon og tar arbeid der.
«Job makers» skaper arbeidsplassar for andre, medan den siste gruppa, «job fakers», er dei som på overflata ser ut til å ha eit arbeid, men engasjementet deira og tidsbruken stemmer ikkje med det dei skreiv i visumsøknaden.
Nokre gonger kan motivasjonen for å bruke jobben som eit skalkeskjul vere edel nok. Dei brukar den som eit middel for å komme inn i eit land for å misjonere. Det er likevel ikkje slik at målet heilaggjer middelet. Det er eit svært dårleg kristent vitnemål å lure styresmakter eller å vise kollegaer at ein ikkje bryr seg om å gjere ein god jobb. Også då kommuniserer ein noko, og det er neppe i samsvar med kristne verdiar.
Det er heller ikkje etisk forsvarleg å setje opp tomme firma berre for å sikre seg visum. I tillegg til risikoen for å bli avslørt, kan slikt også skape problem for andre kristne som har ei meir seriøs tilnærming.
Det å vere fagperson eller å drive forretningsvirksomhet står trygt på eigne bein. I misjonsarbeidet ser me likevel at det å vere ein kristen fagperson eller at kristne driv business har ein meirverdi. Dei er Guds ambassadørar også gjennom arbeidet sitt.
Ved å gjere ein god jobb ærar ein Gud, og ein kan også vere eit vitne i ord og gjerning. Dette er eigentleg ikkje så ulikt korleis ein kristen fagperson eller forretningsmann lever i Norge.
Min avdøde svigerfar var trappesnikkar. Hans bibelvers var dette: «Alt arbeid skal de gjera heilhjarta, for det er Herren og ikkje menneske de tener» (Kol 3,23).
Filosofen og kommunikasjonsteoretikaren, Paul Watzlawick, seier det slik: «One cannot not communicate». Eller lett omskrive til norsk: «Ein formidlar alltid noko».
All interaksjon er kommunikasjon. Ein kristen vil formidle trua si, og verdiane som følgjer av den, gjennom måten han lever på. Det vert lagt merke til av dei som han kjem i kontakt med, og det opnar dører.