Debatt

EKSAMEN FØRST: Ei komprimert eksamensperiode før russetida vil vere eit effektivt grep for å trimme ned slutten av skuleåret og la ungdommen feire utan bekymring om ein står på eksamen, skriv innsendarane.

Legg russefeiringa til etter eksamen

Det er vår i lufta, og like sikkert som at fuglane syng, høyrer vi russen gjennom gatene, og på vegane.

Publisert Sist oppdatert

For oss som sjølv har vore russ, kjenner ein på spenning og glede, men ein hugsar også presset som låg over oss. Eksamen og stress kryp nærare og nærare.

Me skal ikkje mange år tilbake før ein ser at russetida har utvikla seg enormt. Russetida har alltid innehalde korte netter og lange festar, men den varte i det minste ikkje i det lange og breie. Det var langt færre kommersielle aktørar som pressa på for at ein skulle vere med i russegruppe eller buss, med alle dei enorme kostnadane det fører med seg.

I Troms har russen tatt grep for å ikkje la russetida stå i vegen for eksamen og læring. Der har dei flytta russetida til juni. I Rogaland derimot har russetida berre blitt meir omfattande og tek stadig meir og meir plass. Russetida i Rogaland startar tidleg i april – ein heil månad før dei fleste andre fylke!

Russen skal sjølvsagt få feire at dei er ferdige med 13 års skulegang, men varsellampene burde begynne å blinke når mange rogalandsruss sjølv talar imot slik russefeiringa no har blitt.

Russepresident i Sør-Rogaland, Martin Nese Johnsen, har sagt at han skulle ønsket at russetida hadde vorte både forkorta og forskjøve, slik at den ikkje frontkolliderer med eksamen.

KRF-POLITIKARAR: Anne Kristin Bruns er 1. kandidat for Rogland KrF og Lars Ramsli Søyland er leiar i Rogaland KrFU.

Det er fleire gode aktørar på banen for å sikre ei trygg russetid. Rogaland fylkeskommune oppretta i 2019 ei eiga tiltaksgruppe for ein trygg og inkluderande russetid og i desember la utdanningsministeren fram ei intensjonserklæring med same formål. Eit av dei sju punkta som ministeren tilrår står det at ein skal leggje til rette for at russefeiringa er tilpassa opplæringa og eksamenspeioda.

Rogaland KrF vil snu på dette punktet frå utdanningsministeren. Kva med å tilpasse eksamen til russefeiringa? Dersom ein legg opp skoleløpet slik at eksamen er ferdig til 16. mai, kan 17. mai vere eit startskot på russefeiringa, og avsluttande seremoniar kan komme tidleg i juni.

Juni er for mange skuleelevar ei tid med mange «tomme» skuledagar. Ei komprimert eksamensperiode før russetida vil vere eit effektivt grep for å trimme ned slutten av skuleåret og la ungdommen feire utan bekymring om ein står på eksamen.

Her har Rogaland ei moglegheit til å gå i front og ta tydelege grep for ei betre russetid for alle partar!

Powered by Labrador CMS