| Kommentar
KrF-lokallag med lissepasning til Konservativt
Dei som heiar høgast på at KrF gjer felles sak med pride og Fri, gidd neppe å stemma gult når valdagen kjem.
LOKALLAGS-STRIA: Partileiar i KrF, Dag-Inge Ulstein har gått uvanleg tøft ut mot eit uvanleg uklokt utspel frå eitt av lokkalaga sine.
Foto: Bjørn Olav Hammerstad
Ikkje er det juni, og ikkje er det noko følbart offentleg påtrykk. Likevel har eitt av KrFs lokallag tråkka til med eit pride-utspel som mest liknar ein snubletråd for eigne partifeller.
Ei sindig jæravdeling av sentrumspartiet har funne knappen i sin lokale atomkoffert. Midt i bibelbeltet, heilt utan eit rulleblad som signaliserer utprega markeringsbehov, set ein KrF-trio brått inn støyten der det smertar som mest.
Eit identitetspolitisk utspel frå eit splitta lokallag må vera ein av dei manøvrane som partiet absolutt har minst behov for. No trengst det ein lokalpolitisk hjartestartar.