Debatt
KrF: Lytt til forslaget om fritidskortet
«Det som er ille, er om ikke alle får være med på grunn av dårlig råd. Da vil vi legge til rette for at idretten er tilgjengelig for alle, og at en økonomisk terskel ikke holder noen utenfor. Det er en stor demokratisk oppgave vi har foran oss», seier Gahr Støre til TV 2 etter Idrettsgallaen på Hamar.
Har ikkje statsministeren oppfatta kva KrF faktisk fekk gjennom da vi sat i regjering? Forslaget var å setje av 2.000 kroner øyremerka til bruk på fritidsaktivitet for alle born mellom 6 og 18 år. Nettopp at fritidskortet skulle førebyggje for den utfordringa vi ser skje i mange deler av landet, familiar som slit.
Det hadde vore lurt av regjeringa å lytta til KrF sitt forslag og gjennomført den storsatsinga på frivilligheita som dette er, og for dei mange familiar som slit økonomisk. Det er ikkje kor tjukk lommebok dei føresette har som bør avgjera om borna skal få vere med på ein fritidsaktivitet eller ikkje.
Med KrF i regjering hadde også Stavanger kommune hatt dette tilbodet. Heldigvis har vi i Stavanger KrF lagt dette inn i vårt alternative budsjett saman med mindretalspartia som eit forsøk i nokre kommunedelar med særlege levekårsutfordringar.
Deltaking i ein organisert fritidsaktivitet byggjer relasjonar, nettverk og oppleving av å høyre til. Dette må alle få lov til å delta på uavhengig av familien sin økonomi.