| Debatt
KrF må vere tru mot sidemålskarakteren
SIDEMÅLSKARAKTER: Å fjerne karakteren vil sende eit signal om at sidemålet tel mindre – og slik svekkje både likestillinga og respekten for mindretalsspråket nynorsk, skriv Peder Lofnes Hauge.
Bjørn Sigurdsøn / NTB
Før stortingsvalet for fire år sidan sa eg med bakgrunn i stortingsvalprogrammet at «KrF har alltid vore ein trygg og solid støttespelar for nynorsken, og det er partiet òg denne gongen». No er eg meir usikker.
Eit mindretal i programkomiteen vil rokke ved sidemålet sin plass i skulen. Landsmøtet denne helga skal ta stilling til ein dissens om ein heilt grunnleggjande del av sidemålsordninga: Korleis elevane blir vurderte, i dag gjennom eigen karakter i skriftleg sidemål.
Det er avgjerande viktig at landsmøtet slår fast at elevane skal få vurdert kompetansen sin i sidemål, og at dette skal synleggjerast på vitnemålet. Å ha ein eigen karakter i sidemål viser at bokmål og nynorsk er like viktige språk i Noreg. Det er ei konkret og tydeleg stadfesting av språkleg likestilling.