Debatt

ÅLESUND: Møre og Romsdal fylkeskommune gjev kulturtilskot til kristne organisasjonar. Seinast i forrige møte innvilga vi 170.000kr i støtte til Ungdom i Oppdrag ifrå kulturmidlar i Møre og Romsdal, skriv Victoria Smenes. På biletet ser vi Ålesund bedehus.

KrF Møre og Romsdal støttar kristne organisasjonar

Publisert Sist oppdatert

Saka som vart publisert i Dagen i helga og stod på trykk i papiravisa 7. mars gjev eit veldig feil inntrykk av KrF sitt arbeid i Møre og Romsdal. Eg kjenner meg ikkje igjen i det Dagen skriv, då dette er ei sak vi har jobba lenge med. Sjølvsagt støtter KrF kristne organisasjonar.

SMENES: Victoria Smenes er medlem i Kultur- næring og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune for KrF

Møre og Romsdal fylkeskommune gjev kulturtilskot til kristne organisasjonar. Seinast i forrige møte innvilga vi 170.000kr i støtte til Ungdom i Oppdrag ifrå kulturmidlar i Møre og Romsdal.

Det Dagen eigentleg skriv om er ikkje alle typer kulturmidlar, men faste driftstilskot som har begrensningar - som KrF er uenige i. Framstillinga om KrF som motstandar er feil.

Eg viser til retningslinjene som Dagen viser til i KNF (kultur- næring og folkehelseutvalet) 82/21 31.08.2021. Her står det;

«Fylkeskommunen gir ikkje støtte til følgande (…)

Trussamfunn og anna religiøs verksemd. Med det meiner vi alle trus- og livssynssamfunn, anna religiøs aktivitet og organisasjonar med ein religiøs formålsparagraf.

Merk: Unntaket er religiøse, frivillige organisasjonar. Dei kan søke om prosjekttilskot til aktivitet der formålet med aktiviteten ikkje er forkynning, men tiltak for barn og unge. Eksempel på det kan vere friluftstiltak.»

I dei gamle retningslinjene var det ingen unntak, og organisasjonar med ein kristen formålsparagraf vart ekskludert ifrå alle søknader. KrF har fronta mange gonger muntleg i KNF-utvalet at det må vere ei opning for organisasjonar med ein kristen formålsparagraf å få søke støtte. Dette er så langt vi kom denne gongen.

Vi er heilt samd i at dette ikkje er bra nok, og vil fortsetje kampen for at alle skal få søke 1 og 3-årige driftstilskot uavhengig av tru.

Påstanden «To ganger i høst stemte hun for å nekte religiøse aktører kulturmidler fra fylket» i saka er derfor feil, da det denne gongen er presisert i retningslinjene - etter at KrF mange gonger i KNF har fronta at det er viktig for oss at desse organisasjonane skal få kulturmidler - at religiøse frivillige organisasjonar kan søke om prosjekttilskot. Det eg stemte for var å få inn unntaket - som var betre enn å nekte alle type søknader til prosjekttilskot.

Som eg skreiv til Fylkestingsgruppa i ein e-post 21. februar 2022 kl. 14.33 når eg skulle oppsummere KNF-året 2021;

«For KrF har det vore viktig å fremje at kristne organisasjonar skal få søke fylkeskommunale kulturtilskot på lik linke med andre organisasjonar. Dette er seig materie, og fram til no har vi fått med utvalet på at slike organisasjonar kan søke prosjekttilskot, men dessverre er det ikkje per no fleirtal for fast driftsstøtte. Denne kampen fortset vi å ta. KrF ynskjer eit livssynsope samfunn, som set pris på all frivillig aktivitet.» Dette var skrive lenge føre Dagen si sak i helga.

Så dette er ei sak eg har fronta mange gonger i utvalet. Vi er ikkje i mål, men jobbar konstant med å få til betre løysingar for frivillige organisasjonar i Møre og Romsdal, uansett om dei har ein religiøs formålsparagraf eller ikkje.

Sitata ifrå meg er korrekt gjengjeve. Eg synes det er merkeleg med ei vinkling på at vi ikkje har jobba for dette. Det er innført unntak i retningslinjene som ikkje var der før basert på KrF sine tilbakemeldingar i tidlegare møte.

Det meste i utvalet er muntlege forslag over bordet, så det er dessverre alt for lite skriftleg å vise til ifrå KrF sine forslag. Dette beklager eg på det sterkaste, eg burde ha sendt inn forslaga som eg snakka om rundt bordet og ikkje fekk tilslutning til skriftleg.

I referatet til KNF 3-21 tirsdag 4. mai 2021 står det protokollført at eg har snakka kristne organisasjonar si sak. Her står det;

«Til saklista: Victoria Smenes (KRF): Spørsmål til kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen vedrørande tildeling av midlar til KFUK-KFUM speiderne

Kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen svarte på spørsmålet.»

Vi har òg tildelt andre fylkeskommunale kulturtilskot til kristne organisasjonar, blant anna seinast i forrige møte i KNF der Ungdom i Oppdrag vart tildelt 170.000kr for tilskot til Kipervikgata 19, Ålesund bedehus i sak KNF 5/22 01.02.2022 «2022 - Tilskot til kulturminne og kulturmiljø av regional og høg lokal verdi».

Eg håper at dette kan være oppklarande for KrF sitt arbeid i Kultur- næring og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylke. Det er kjempefint at Dagen set fokus på kor viktig det er at alle skal få moglegheit til å søke om fylkeskommunal støtte, det er eg einig i, og har jobba hardt for, veldig lenge, og kjem til å fortsetje med.

Powered by Labrador CMS