KrF sitt svik mot pelsdyrbøndene
KrF har sett pelsdyrbøndene i ein svært vanskeleg situasjon, og det ser ut som om KrF helst ikkje vil snakka om saka.
Etter retningsvalet til KrF har det ikkje gått så bra so langt, ifølge meiningsmålingane. Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk var klinkande klar i ein kommentar på TV. Dersom den såkalla raud side vinn, ser KrF 2-talet veldig fort.
Men slik vart det ikkje. Likevel kan retningsvalet visa seg å verta dramatisk for KrF. Kva no?
Det er to saker som gjer at eg for tida er rådvill kvar mi røyst går i valet 2021: Den eine er at KrF gjekk i regjering med Frp, stikk i strid med det dei lova i valkampen.