Debatt
FOSTERBARN: Tilknytingsutfordringar er eit gjentakande problem blant desse barna, meiner skribentane.
Adobe Stock
KrF vil styrke laget rundt fosterbarna
I lang tid har det vore store utfordringar med å skaffe nok fosterheimar i Norge. Det siste året har utfordringa blitt beskriven som ei fosterheimskrise.
Konsekvensane av at det ikkje er nok fosterheimar i Norge, er fleire. Den største utfordringa med krisa er at barn må bu lengre i mellombelse heimar eller i institusjonar. Dette er svært belastande for det enkelte barnet som då fyrst blir tatt ut frå eit ustabilt heimemiljø og over i ein ventefase, fram til ein permanent fosterheim seinare blir funnen.
Det er avgjerande at barnet så tidleg som mogleg får ein trygg og stabil heim. Dette fordi me ser at tilknytingsutfordringar er eit gjentakande problem blant desse barna. Det blir ofte vanskelegare for barna å knytte seg til nye personar, når barna sjølv har opplevd å måtte flytta frå deira eigne omsorgspersonar.
Også stabiliteten i fosterheimen er ei aukande utfordring. I Rogaland opplever ca. 40 prosent av barn i fosterheim brot. Dette er svært uheldig for det enkelte barnet som endå ein gong blir oppriven frå heimen og må flytte. Ein fosterheim er ein heim kor staten overtek omsorga for barnet, som av ulike grunnar ikkje kan bu heime. At 40 prosent av desse plasseringane ikkje fungerer, er eit alt for høgt tal og viser at ordninga slik ho er i dag ikkje fungerer. KrF er svært uroa for denne situasjonen. Me vil lyfta fram alle desse barna som opplever denne utryggleiken.