Debatt

TILTALT: Burdin (biletet) er tiltalt for «blasfemi mot helgenar» og «blasfemi mot kyrkja», for å ha «bakvaska og ærekrenkt» kyrkja og spreidd klagemål om «brotsverk som ikkje er gjort», skriv Johannes Morken.

Krigskritisk prest skulda for blasfemi

«Kyrkja spreier farlege åndelege vrangforestellingar», skreiv den krigskritiske ortodokse presten Ioann Burdin. No blir han skulda for å spotta kyrkja.

Publisert Sist oppdatert

Den russisk-ortodokse presten Viktor Ioann (Johannes) Burdin blir truleg frådømt retten til å vera ortodoks prest. Burdin blir 16. juni stilt for ein kyrkjeleg domstol: Han vert tiltalt for «blasfemi mot kyrkja» fordi han har kritisert krigen og patriark Kirills støtte til krigen i Ukraina. Saka går for tribunalet i Kostroma bispedøme der Burdin inntil for eitt år sidan var sokneprest – i landsbyen Karabanovo. Burdin stiller ikkje i retten for å forsvara seg.

– Alle klagemåla er politiske og har ikkje noko med kyrkja og med teologi å gjera, forklarar Burdin i eit intervju utført på Telegram. Han kom seg, etter å ha fått visum, for få veker sidan til Bulgaria saman med familien. Han var vel vitande om at han risikerte nye kyrkjelege sanksjonar og deretter straff for å «ha diskreditert hæren».

Berre timar etter Putins fullskala invasjon i Ukraina 24. februar i fjor publiserte Burdin ein protest på nettsida til landsbykyrkja. Han gjorde det saman med den pensjonerte kollegaen Georgi Edelstein. Dei skreiv at kristne ikkje kunna teia «når ein bror drep ein bror, ein kristen drep ein kristen.»

– Vi kan ikkje lukka augo og kalla svart for kvitt, vondt for godt, og seia at Abel truleg tok feil og provoserte den eldre bror sin, skreiv dei.

Samanlikna Putins krig med Hitlers

Dei samanlikna invasjonen i Ukraina med Tysklands overfall på Polen i 1939: «Lat oss ikkje gjenta brotsverket til dei som ønskte Hitlers handlingar velkomne 1. september 1939.» Som kjent grunngjev Putin «spesialoperasjonen» med kamp «mot nazistar i Ukraina».

Biskopen tvinga dei to til å fjerna protesten frå nettsida. Då Burdin i ei gudsteneste 6. mars minna om bodet «Du skal ikkje drepa», kom politiet. Burdin blei bøtelagt, tilsvarande ei månadsløn.

I mai i fjor skreiv Dagen at Edelstein og Burdin risikerte ikkje berre fleire kyrkjelege sanksjonar, men også fengselsstraff fordi dei framleis stod opp mot Putin, trass i bota som Burdin var pålagt.

Burdin og familien er no i Bulgaria. Dit drog dei i vår fordi Burdin visste at han risikerte fengsel. Kyrkjelege etterforskarar har gått gjennom det Burdin har skrive, ikkje minst på Telegram. I Bulgaria fekk han tilsendt dokumentet.

«Blasfemi»

Venteleg vil Burdin bli frådømt retten til å vera prest: «At blasfemi mot kyrkja og dei heilage ikkje let seg sameina med å vera prest, er ei sjølvinnlysande sanning», heiter det i det kyrkjelege rettsdokumentet.

Burdin er tiltalt for «blasfemi mot helgenar» og «blasfemi mot kyrkja», for å ha «bakvaska og ærekrenkt» kyrkja og spreidd klagemål om «brotsverk som ikkje er gjort». Burdin vert skulda for å ha brote presteeiden, vore ulydig mot biskopen og forvirra truande. Det kan føra til at kyrkja – «Gud forby – blir splitta», som det heiter i det kyrkjelege rettsdokumentet.

Dokumentet slår fast at hierarkiet, med patriarken på toppen, konstituerer kyrkja: «Alle følgjer biskopen slik Jesus Kristus følgde Faderen». Prestar og lekfolk har plikt til å følgja patriarken. Det er ei «feilslutning» at Burdin har sin «eigen rett til å forstå evangeliet», heiter det i dokumentet.

At ein kristen kan rekna seg som tru mot evangeliet og Kristus og opponera mot hierarkiet, er difor ein utoleleg tanke – «blasfemi» – for dei som har etterforska Burdin.

Burdin svarar i intervjuet vårt at han ikkje vil bryta ned dei hierarkiske strukturane i kyrkja og at han anerkjenner den åndelege autoriteten til biskopen. Men, legg Burdin til, biskopens kall er å sikra at trua til kyrkja er rein.

«Ein biskop som av ein eller annan grunn har forvilla seg vekk frå evangeliet, kan ikkje lenger vera autoritet for flokken», seier Burdin. Han avviser difor at han må setja sitt eige samvit til sides i blind lydnad til biskop og patriark.

I Dagen skreiv Burdin i mai i fjor at «prestar forkynner død og drap som helbredende universalmiddel». Han kritiserte kyrkja for å spreia «farlege åndelege vrangforestellingar». Rettsdokumentet svarar med at problemet er at Burdin er usamd med kyrkja i kva vondskap er.

Blir gjort til lekmann

Det er all grunn til å tru at kyrkjetribunalet med eit slikt tiltaleskriv frådømmer Burdin retten til å vera prest. Dersom Burdin vert frådømt retten til å vera prest éin stad, er han å over alt rekna som lekmann. For at Burdin skal kunna gjere teneste i Bulgaria, må dommen frå Kostroma difor ankast til den økumeniske patriarken i Konstantinopel som må setja den til sides.

Det kyrkjelege rettsdokumentet opnar også for at Burdin må stillast for retten i ei straffesak. Der risikerer presten fengsel for brot på Putins krigstidslover som forbyr å «diskreditera hæren».

– Ei kriminalsak vil sterkt påverka meg. Vi har eit hus i Russland, men vi vil ikkje kunna venda tilbake, seier Burdin i dag.

Men alt då han vart intervjua for eitt år sidan, sa han: «Eg har ingen planar om å teia.»

Burdin har stått rakrygga med kritikken av krigen og patriark Kirill som har velsigna krigen.

Powered by Labrador CMS