PROSESS: Partileiinga har sett i gong ei evaluering og vurdering som skal enda med konklusjon i haust. Hadde eg vore på innsida ville eg skunda på for langt kortare prosess, skriv Karl Johan Hallaråker.

Kristeleg Folkeparti i krysspress

Å svekka KrF i Bergen er ikkje vegen å gå!

Publisert Sist oppdatert

Det har storma rundt KrF både nasjonalt og lokalt i Bergen og Hordaland den siste tida. Regjeringsspørsmålet og praktiseringa av verdiprofilen blir trekt fram som problema og utfordringa. Redaktør Tarjei Gilje har ein klok artikkel i Dagen der han både analyserer og seier rett ut «Nå må nokon snakka saman». Det er på høg tid.

Eg var med og vedtok at KrF stod utafor regjeringa 2013. Eg er framleis mellom dei litt regjeringsskeptiske. Liberalistane i Venstre er lite betre enn Frp. Når eg seier «litt», er det fordi eg ser at slik situasjonen har utvikla seg, må ein truleg velja. Vel ein først side, må ein også ta regjeringsmakt. Med all respekt for endringane på begge sider, kan eg ikkje med min beste vilje sjå at partiet med sin veljarmasse kan gå til venstresida i regjering.

Eg håpar inderleg at leiinga no tek grep og samlar fløyane og også høyrer på oss som ikkje kjenner oss som fløykandidatar, men meiner ærleg at vi høyrer til sentrum i partiet. KrF treng nå samling om både røter og fornying.

Då må ein ikkje innbilla seg at ei gruppe er museumsgjenstand og ei anna gruppe er framtida. KrF treng både røter og fornying. Partiet treng også personar som evner å løfta fram både røter og fornying på ein tydeleg måte.

Partileiinga har sett i gong ei evaluering og vurdering som skal enda med konklusjon i haust. Hadde eg vore på innsida ville eg skunda på for langt kortare prosess. Med all forståing for grundig gjennomtenking, blir det skrivebordstrategi i forhold til at fløyane får (altfor) god tid til posisjonering frå kvarandre i staden for samling. Det er samling og ikkje eksponering av fløyar partiet nå treng.

Så må eg tillata meg å kommentera situasjonen i Bergen og Hordaland. Etter mi vurdering er utmeldingane langt meir personretta enn strategiretta for partiet. Det opprører faktisk ein gamal tillitsvald, at dei frasene som nå blir lagt fram som dekke over dei personlege ambisjonane ikkje blir avkledde.

Media syner liten evne til gravejournalistikk og følgjer med på lasset. Personlege ambisjonar er tydeleg viktigare enn partiprogrammet ein er valgt på, og partiet som har gitt stor tillit.

Eg har stor tru på KrF i sentrum­ når det nye Vestland fylke skal finna si form. Også her treng det nye fylket samling og ikkje slagside til ei av dei politiske sidene. At KrF får den nye fylkesordføraren vil bli god strategi for å samla heile Hordaland og Sogn og Fjordane til ein region.

Eg håpar nominasjonsprosessen finn ein slik samlande dyktig person. Det beste hadde truleg vore å få Torill Selsvold Nyborg tilbake ein periode. Vi treng ein person som inkluderer Sunnhordland i sør til Fjordane i nord!

Eg kjenner ikkje innhaldet i nominasjonsprosessen i Bergen KrF føre bystyrevalget til neste år. Men vi har dyktige kandidatar i byrådane, gruppa og partiet elles.

Mitt ønske og strategi er at vallista sjølvsagt må innehalda gode namn med politisk kvalifiserte kandidatar som står støtt i partiet - med alders- og kjønnsbalanse, men også personar med tilknyting til ulike kristne miljø i byen. Slik situasjonen er nå, saknar eg aller mest kandidat(ar) frå Den norske kyrkja. KrF i Bergen må finna ein ny Ingmar Ljones høgt på lista. Det vil utan tvil styrka partiet i byen i tillegg til kandidatane frå dei andre miljøa.

KrF gjer ein forskjell for folk flest. Eg håpar inderleg at alle som vil prioritera eit varmare samfunn der menneskeverdet er i sentrum med ein god sosial- og eldrepolitikk, familie- og skulepolitikk, kyrkje- og livssynspolitikk, og respekt for alle, og som vil arbeida for vekst for byen vår, sluttar godt opp om vårt kjære KrF.

KrF i Bergen med sine dyktige profilerte politikarar blir også viktige for å utvikla landspartiet framover. Å svekka KrF i Bergen er ikkje vegen å gå! Nå håpar eg mange står opp for partiet og byen vår! Det fortener bergensarane!

Powered by Labrador CMS