Debatt

KRISTEN ARV: I november, om lag samstundes som Pave Frans gjesta Bahrain, annonserte Emiratane eit nytt arkeologisk funn av eit kloster frå tida før islam, skriv Johannes Morken.

Kristen arv på Den arabiske halvøy

Publisert Sist oppdatert

Etter den sterke opplevinga på vegen til Damaskus, drog Paulus aller først til Arabia. 2000 år etterpå blir dei eldgamle kristne spora i islams heimland synlege igjen.

Apostelgjerningane (2,11) fortel at det kom arabarar til Jerusalem første pinsedag. Evangeliet nådde altså Den arabiske halvøya svært tidleg. Paulus fortel så (Gal 1,17) at det første reisemålet hans etter opplevinga på vegen til Damaskus, var Arabia. Det gjekk tre år før Paulus drog tilbake til Jerusalem der dei frå før berre kjende han som ein som forfølgde dei som trudde på Jesus. Då han kom tilbake var han heilt fornya – og kunnskapsrik om den nye trua.

På Den arabiske halvøya, var det – viser det seg no – levande kristendom til lenge etter Muhammeds død. Men islams framvekst gjorde at området vart tømt for kristendom i mange hundre år. I vår tid kjem spora til syne igjen.

Tidleg kristen historie

Tidleg i november, om lag samstundes som Pave Frans gjesta Bahrain, annonserte Emiratane eit nytt arkeologisk funn av eit kloster frå tida før islam. Munkar budde der på Muhammeds tid.

Emiratane har i fleire år synt fram klosterruinar – på øya Sir Bani Yas. Utgravingane fortel at kristne vart verande på Den arabiske halvøya lengre enn tidlegare rekna med, minst 100 år etter Muhammeds død. Emiratane vågar å sjå med nye augo på gammal kristen historie.

Ny kristen historie

Men det skjer også noko anna som endrar biletet av islams heimland. Blant skarane av gjestearbeidarar til golfmonarkia har det komme kring fire millionar kristne frå land som Nepal, India og Bangladesh. Gjestearbeidarar utan statsborgarskap gir kyrkjevekst her medan land som Syria og Irak er blitt tappa for millionar av flyktande kristne.

Fem kongefamiliar har gitt tomter til kyrkjer. Det anglikanske senteret i Doha i Qatar er verd eit besøk. Kyrkjesamfunn utan eigne bygg, leiger rom. På søndagar er det ein kakofoni av nepalske hymner og afrikanske trommer, med gudstenester på ulike språk.

Men det er klare vilkår. Kyrkjene som er for gjestearbeidar, ligg bak murar og kan ikkje sjå ut som kyrkjer: Klokketårn og kross på taket er forbode. Men gjennom ventilasjonstårnet i den store katolske kyrkja i Doha strøymer lys ned over Kristus-biletet.

I Emiratane er det minst 50 kyrkjer. Men gjestearbeidarane som byggjer og fyller kyrkjene, må reisa heim seinast ved pensjonsalder. Utan statsborgarskap har dei ingen offentlege velferdsgode. Katolske prestar har lange køar av fattige. Andre søkjer hjelp hos pinsekarismatiske og evangelikale kristne.

«Toleransetrening»

«Abramic Family House» i Emiratane er også historisk. Tre likeverdige gudshus – ein moské, ei synagoge og ei kyrkje – kan vera «trusvasking» av eit autoritært regime. Men i boka «Globale veikryss. Golfmonarkier i endring» skriv professor em. Berit S. Thorbjørnsen at «Abrahams hus» er noko meir. Ho kallar prosjektet, som skulla opna i 2022, «statleg toleransetrening».

Å byggja gudshus for desse tre religionane ville alle stader vore eit radikalt prosjekt. «Å bygge det på Den arabiske halvøy, i islams hjemland og i Emiratene som har anvendt islam som sentralt element i konstruksjonen av nasjonal identitet, gjør det enda mer radikalt», skriv Thorbjørnsen: «Abrahams hus» vil «reise spørsmål ved helt sentrale troselementer».

Det same kan seiast om pave Frans si gjesting i Emiratane i 2019 då han saman med ein sentral sunnimuslimsk leiar signerte eit dokument som likestiller islam og kristendommen som uttrykk for Guds vilje. Delar av dokumentet skal bli skulepensum.

Effekten av dette veit vi ikkje. Men Saudi-Arabia vågar ikkje det same. Der er kyrkjebygging forbode. I 2012 erklærte stormuftien det som ei muslimsk plikt å øydeleggja alle kyrkjer på heile den arabiske halvøya. Heldigvis har ingen handla på fatwaen. Saudi-Arabia har også stengt to kyrkjeruinar som kunne kasta nytt lys over gammal kristen historie.

Evangeliet finn veg

Den amerikanske arabiske misjonen etablerte seg på halvøya i 1889. Ingen kan dokumentera konvertering, skriv Hrayr Jebejian, i Christianity Today. Misjonen vann derimot varig respekt ved å byggja skular og sjukehus.

Bibelselskapet som Jebejian leier, distribuerer i dag biblar i fem golfmonarki. Han vil ikkje nytta ordet forfølging om situasjonen for kristne.

Også gjestearbeidarar kjem til kristen tru. At ein muslimsk gjestearbeidar frå Bangladesh konverterer, er ikkje ukontroversielt, likevel mindre trugande enn at muslimar frå islams kjerneland gjer det.

Lokale konvertittar risikerer avgjort forfølging. Likevel kjem mange historier om muslimar som møter Jesus i draumar eller via internett og satellitt-TV, også i Saudi-Arabia.

Som deprimert student i Malaysia fekk Aleena religion opp i halsen og blei agnostikar. Ho vart irritert på ein kristen terapeut som ville be for henne. Men heime i Saudi-Arabia tenkte Aleena over råda. Så bad ho: «Jesus, du som eg har sett på film, dersom du finst, kom til meg!»

Den natta drøymde Aleena om ein lysande kross som folk frå alle folkeslag samla seg rundt. Livet blei forvandla.

Evangeliet finn på nytt vegen inn også i det aller meste stengde landet på halvøya som vart så viktig for apostelen og misjonæren Paulus.

Powered by Labrador CMS