INSPIRASJON: Det at oponionen i Vesten er så lett å manipulera, er til stor inspirasjon for den konservative, militante islamismen som aller mest er ei ulukke for folket som må underkasta seg dette religiøse samfunnssystemet, skriv Bjarne Gjerme.

Kristen demonisering av Israel

Mediehetsen mot Israel har over tid ført til aukande antisemittisme i Europa.

Publisert Sist oppdatert

For nokon år sidan vart det starta ein religionsdialog mellom toppar i Kirkenes Verdensråd og islamske leiarar. Noko positivt resultat av dette er vanskeleg å sjå i den muslimske verda. Kristne vert forfylgde som aldri før. Verst er det i muslimske land, og land der islam er på frammarsj til dømes i Nigeria og Somalia. I Midt-Austen, området der kristendomen hadde si vogge, har talet på kristne minka sterkt, også i dei palestina-arabiske sjølvstyreområda. I Israel har kristne fridom og aukar i tal, trass i uretten Israel opplever frå store deler av den kristne verda.

Kva Kirkenes Verdensråd har lova i dialogen med islam, kjenner eg ikkje formuleringar på. Men resultatet vert tydelegare og tydelegare, ført nedover i medlemskyrkjene. Her i landet er det Mellomkirkelig Råd som ser ut til å ha fått oppgåva med å påverka kristenfolket til å tru på den islamistiske versjonen av konfliktene og årsakene til desse.

LES OGSÅ: Klimaskifte i israelsdekningen

Mellomkirkelig Råd har eit opplegg som heiter Kirkelig ledsagertjeneste. Her vert tale- og skriveføre kristne inviterte til å vera med på eit styrt opplegg i Israel og mest i dei palestina-arabiske sjølvstyreområda. Og dei har så i oppgåve å spreia det «rette» synet når dei kjem heim att.

Den 28.11.14 sende ei rekkje leiarar i Den norske kyrkja, med dei tre biskopane Solveig Fiske, Tor B. Jørgensen og Erling Pettersen i spissen, ut eit felles opprop mot Israel. Seriøsiteten i dette vert godt illustrert med denne formuleringa om grunnlaget for vår jolefeiring: «når vi minnes underet i datidens Palestina».

I slutten av september vart den siste årlege «Kirkeuka for fred i Palestina og Israel» arrangert. Denne har også det same føremålet: Å få dei kristne til å slutta å sympatisera med Israel. Pro-islamsk informasjon, innpakka i elles fine formuleringar, ser ut til å vera verkemiddelet. Og boikott av Israel, det einaste landet i området som tek menneskeverd og menneskerettar på alvor, inklusiv religionsfridom. Fred skal det verta, dersom Israel gjev opp «okkupasjonen». Israel skal tvingast til å godta ein ny islamsk stat i Judea og Samaria, styrt av organisasjonar som har som vedtektsfesta føremål å utsletta Israel og folket der. Og som ikkje eingong er villige til å forhandla om dette grunnleggjande spørsmålet.

LES OGSÅ: Kristenledere til NRK: – Ta grep for å unngå ubalanse og slagside mot Israel

No har også Mellomkirkelig Råd, med biskop Erling Pettersen som leiar, teke til å interessera seg for reiseselskapa som arrangerer turar til Israel. Desse er det viktig å få styring over.

Nokon har også funne opp klengenamnet «kristensionistar», for å stigmatisera kristne som ikkje let seg påverka i denne leia.

Mediehetsen mot Israel har over tid ført til aukande antisemittisme i Europa. Dersom den kyrkjelege aktiviteten på dette området lukkast, vil det medverka i same leia. Det at oponionen i Vesten er så lett å manipulera, er til stor inspirasjon for den konservative, militante islamismen som aller mest er ei ulukke for folket som må underkasta seg dette religiøse samfunnssystemet. Dessutan kjem fredsløysingar i Midt-Austen ikkje nærare når slike krefter får støtte frå norske kristne.

Powered by Labrador CMS