Meninger
KRISTEN TRU: Det er berre éin veg vidare for dei som set pris på det katedralane symboliserer, skriv Ottar M. Myrseth. Her frå den gotiske katedralen Notre-Dame i Paris.
Erik Johansen / NTB
Kristen kultur
I eit av binda om Europas historie, skriv Karsten Alnæs at det typisk europeiske kyrkjebygget er ein katedral. Katedralane symboliserer at dette kontinentet er prega av kristen tru. Nasjonsbygging, kultur, identitet og historie i denne verdsdelen er resultat av kristen misjon.
Det er annleis i dag når idealet om livssynsnøytralitet har teke over. Tek kristendom for stor plass i dette landet? Det er blitt trendy å meine at kristendomen sitt monopol må brytast. Vi kan ikkje ha ein kristen kultur når landet er blitt multikulturelt.
Eg har ikkje tenkt å la meg lure!