Synspunkt
Kristen song og musikk er identitetsskapande
Kva bør organisasjonane gjere for å gjenskape eit ekte musikalsk uttrykk for evangeliet i vår moderne tid?
Kvar går vi, på kva måte går vi – og kor langt skal vi gå i bruk av musikalske uttrykk i vårt kristne arbeid i kyrkje og bedehus? Og kven tek ansvar for rettleiing i bruken av eit av dei sterkaste sjelelege uttrykk (og inntrykk) som song, musikk og rytme gir, ikkje berre med lyd- og lysforsterkande effektar, men med pyroeffektar, dramaturgi i dans og fargesprakande kulissar i grenselaus utfalding?
Kari Brennsæter etterlyser «hyrdeansvaret» for lovsongs- og konsertkulturen i NLM (Dagen 16. mai). Det er eit spørsmål i rett tid i ei tid med ein song- og musikkultur som sjeldan før har vore så grensesprengjande, både i dei folkelege (profane) og i dei kristelege (sakrale) fellesskapa. Vi vert så sterkt påverka av kreftene som vert sett i sving (både på godt og vondt), at enten let vi oss rive med, eller vi kjenner på utstøytingsmekanismer i oss når vi kjenner oss «overkøyrde».
Lat meg her gjenta følgjande sitat frå Kelsey McKinney: «Sangene … er laget for å fremkalle følelser…. men det er lett å mistolke emosjonelle manipulasjoner for en berøring av Gud.» Men dette er då ikkje noko nytt? Slik har det vore til alle tider, i alle kulturar.
I vårt sjelsliv ligg det religiøse og det estetiske så nære kvarandre, at det eine kan ta over for det andre, eller gå opp i ei eining! Du skal ikkje lese mykje i Bibelen før du ser at i både det folkelege og det religiøse livet til israelittane, så viser (musikk)livets skapar og Herre at her kunne dei fantastiske musikalske uttrykka både brukast og misbrukast.
Levittenesta, med sitt ansvar for songen og musikken i dei religiøse samanhengane, hadde utvald leiarar «som skjøna seg på det» (Kenanja), medan vi i dei folkelege samanhengane (Asaf) finn eit leiarskap som får folket med seg i både i fellessong og kor, og det til instrument, dans og rytme.
Men måla med slik nyansering var (og bør vere også i dag): I møte med Det Heilage, må vi øve oss i å gi Han det beste vi har på ein best mogleg måte, i takk for det beste (nåden) Han oss gir, og at vi i alle i fellesskapa våre – uansett musikalske evner og givnader – kan få syngje ut evangeliet, for oss sjølve og for alle.
I 1945 gjekk dei evangelisk-lutherske organisasjonane i kyrkja vår saman om å gi rettleiing til bruken av songen og musikk i forsamlingane våre. Concordia vart eit noteforlag, eit song- og musikktidsskrift og ein kursarrangør for songarar, musikarar og korleiarar (dirigentar) for barnekor, musikklag, og ulike kor.
I vårt sjelsliv ligg det religiøse og det estetiske så nære kvarandre, at det eine kan ta over for det andre, eller gå opp i ei eining!
Det syda av song og musikk rundt om i bedehusland etter rike vekkingar, kristelege songarlag spratt opp, og trongen for godt leiarskap vart etterlyst. Instruktørane på kursa vart rekrutterte av habile songarar, musikarar og korleiarar, med fagleg og kunstnerisk tyngde.
I tillegg må nemnast at organisasjonane hadde sine musikksekretærar med song- og musikkutval, gode musikklærarar i sine folkehøgskular, bibelskular, musikkgymnas og lærarhøgskule. Bortsett frå dei sistnemnde, er sekretariat og utval borte, tidsskriftet med tilgang på korstoff og praktisk råd og hjelp er borte, Concordiakursa – var årlege til 1993, er borte.
Kvifor har det vorte slik, og kva bør organisasjonane gjere på nytt for å gjenskape eit ekte (genuint) musikalsk uttrykk for og med evangeliet i vår moderne tid?
Lovsongsuttrykk er bra, men kva med å syngje inn Ordet om korset, ikkje åleine til dei gode kjenslene, men til ekte erkjenning i hjarta for nåden full og fri i Jesus Kristus?
NLM og ImF er i ferd med å arrangere nye Concordiakurs (sommaren 2023) retta inn mot forsamlingssongen, for å vareta nåde- og naturgåvene i song, musikk og leiarskap, og det i ei ny tid – der vi må finne inn til det beste i stil og form, for å løfte opp og fram evangeliet i identitetsskapande fellesskap, der ekte song- og musikkglede får leve og utfalde seg rikt!